Kvernbit-kapteinen Rudi Ellingsen Nilsen blir gratulert med 2-1-målet. Fitjar-spelarane hadde lite å jubla for i dag. Foto: Kjetil Rydland.

Svak sesongstart for Fitjar i 5. divisjon

Fitjar spelte ein dårleg kamp heime mot Kvernbit laurdag ettermiddag, og måtte sjå gjestene reisa heim med tre velfortente poeng.

 

Dagens serieopning mot Kvernbit måtte gå på kustgraset, då den brune grasbanen langt frå er klar til bruk enno. Men A-lagsspelarane til Fitjar såg ikkje ut til å vera klare for seriestart, dei heller.

I ein rotete kamp i varierande sødaust vind var gjestene frå Frekhaug det beste laget, utan at me trur laget som ber namnet til Håkon den gode sitt sverd, vil hevda seg særleg godt i årets 5. divisjon. 

Gjestene tok leiinga 1-0 etter fem minutts spel då Fitjar hadde mist ballen på eigen banehalvdel og gitt Filip Pavlovic sjansen til å skyta. Med god hjelp av vinden fauk ballen i ein fin boge over og bak Fitjar-keeper Jacob Mehammer, og inn i mål. 

Fitjar kom bra til hektene etter denne kalddusjen, og scora etter 13 minutts spel. Daniel Skarpnes blei spela fint gjennom, og scora sikkert åleine med keeper. No tok Fitjar over og såg ut til å ha full kontroll over beskjedne gjester.

Men i slutten av første omgang kom Kvernbit til fleire store sjansar, og dominerte sluttminutta. Det var såleis ikkje ufortent at dei kunne gå opp til 2-1-leiing om lag fem minutt før pause. Lagkaptein Rudi Ellingsen Nilsen fekk stå i fred litt utanfor 16-meteren. Og heilt uhindra kunne han plassera ballen roleg inne ved stolperota. 

Det som skjedde etter denne scoringa, og fram til dommaren bles av kampen ein time seinare, er ikkje verdt å nemna. Etter ein så dårleg kamp kan det berre gå éin veg. Til neste heimekamp, mot Inter Bergen om tre veker, vonar me at både grasbanen og spelarane er betre førebudde til kamp. 


Denne trioen på ærestribunen speidar forgjeves etter lyspunkt på Fitjar i dag. Foto: Kjetil Rydland.

 

FITJAR-KVERNBIT 1-2 (1-2)
Fitjar idrettsplass, kunstgras, laurdag 7. april kl. 13.00
Seriekamp 5. divisjon avd. 02

5. min. 0-1 Filip Pavlovic
13. min. 1-1 Daniel Skarpnes
41. min 1-2 Rudi Ellingsen Nilsen

Gult kort: Sander H. Tverborgvik, Fitjar; Filip Pavlovic og Daniel Veland, Kvernbit
Raudt kort: Rudi Ellingsen Nilsen, Kvernbit

Dommar: Kristoffer Harald Sontum, Sartor Fotballklubb

Fitjar: Jacob Mehammer, Svein Arne Jordan Raunholm, Nils Ingard Værness Tislevoll, Sander Hrafnsson Tverborgvik, Helge Myrmel Træet, Kristian Træet, Jonas Aleksandersen, Bernt Ove Maraas, Torbjørn Korsvik, Daniel Skarpnes og Marius Helland Storebø.
Innbytarar med speletid: Thomas V. Waage, Rezwan Mahammad Kadir, Leif Tore Nesbø Aarland, Arild Fitjar Waage og Jonas Yang Tislevoll.