Foto: FP-arkiv/Anita Tufteland

Fotokonkurranse Fitjar Sommarguide 2018

Fitjarposten har begynt arbeidet med Fitjar Sommarguide 2018. No lyser me igjen ut fotokonkurranse, slik me har gjort dei siste åra.

Som før vil me leggja vekt på augneblinken og sommarstemninga som kjem fram i dei einskilde bileta.

Førstepremien er kr 1500,-  og så er det premiar på kr 250 til dei som kjem på 2. – 5. plass. I tillegg vil alle som har sendt inn bilete som vert brukt i guiden få tilsendt flaxlodd. Brukar me eit bilete på framsida vert det honorert med kr 1000 i tillegg.

Så håpar me at du som lesar vil hente fram gode sommarminne og sende til oss.

Frist for innsending er 30. april.

Sjå tidlegare innsendte sommarbilete her.