B-avgangane frå Sandvikvåg kan bli kansellerte frå søndag morgon kl. 06.00. Foto: Kjetil Rydland

Fare for ferjestreik

Fjord1 sine ferjesamband på E39 kan bli ramma av streik frå søndag 8. april, melder ferjeselskapet på nettsidene sine.

 

Det kan bli streik frå og med natt til søndag 8. april. Ein eventuell streik vil føra til redusert kapasitet blant anna i sambandet Halhjem–Sandvikvåg. 

Norsk Sjøoffisersforbund og Norsk Sjømannsforbund har varsla plassfråtreding for sine medlemmar frå og med søndag 8. april kl. 06.00 om ikkje dei to forbunda og NHO kjem til semje i tariff-forhandlingane. 

Meklingsfristen er laurdag 7. april kl. 24.00.

Fjord1 ønskjer difor å gjere merksam på at alle B-avgangar på desse ferjesambanda blir kansellerte:  Flakk–Rørvik,  Molde–Vestnes, Halsa–Kanestraum, Lote–Anda, Arsvågen–Mortavika, og Halhjem–Sandvikvåg.

 

Meir info og PDF med kansellerte avgangar på sambanda Arsvågen-Mortavika og Halhjem–Sandvikvåg finn du via denne linken på sidene til Fjord 1. Det er berre avgangar merkte med B som eventuelt blir kansellerte.