Spennande for 5.-klassingane på utedag i Synningjo. Her lærer dei å berga seg i land om dei går gjennom isen. Foto: Birgitte Brenne. 

Utedag i Synningjo

Synningjo i vestenden av Storavatnet har i mange år vore ein populær stad for skuleelevar på utedag, og onsdag 14. mars var det ny utedag for klassane 5A og 5B.

 

Det er kontaktlærar Berit Brenne som fortel dette til Fitjarposten, og ho skriv:

«Onsdag 14. mars sykla 5A og B ut frå skulen, mot Synningjo og ny utedag. Tema i dag var villmarksmat og førstehjelp. I første økt var seks grupper fordelt på tre stasjonar og kvar si bålpanne med ulike ingrediensar. Det var to på kvar gruppe som var fotografar. Dei skulle ta bilete når dei andre lagde mat.

Neste økt var førstehjelp på tre ulike grupper. Midt på dagen smakte me på maten og åt niste før me til slutt hadde leikeøkt i skogen. Elevane har skrive tekstar om dei ulike stasjonane og aktivitetane. Me har klypt og limt, her kjem nokre av elevane sine inntrykk.»

 

Potet med bacon og egg

«På min stasjon laga me poteter med egg og bacon oppi. Først skar me alt ut av potetene og skar bacon i bitar. Så tok me baconet og egget oppi og surra potetene i aluminiumsfolie. Etterpå grilla me dei. Eg synest egget og baconet var godt, men poteta likte eg ikkje så veldig, fordi det var litt lite smak. Me skulle hatt litt krydder på.»


Potet med egg og bacon. Foto: Birgitte Brenne.

 

Bakt eple

«Me skar av toppen av eplet. Så putta me sukker, kanel og rosiner oppi eplet og steikte det. Dette var min favoritt! Me smakte jo på alle ting, men eg veit at eg kjem til å laga dette og noko av det andre ein annan gong. Eg synest dette var gøy.»


Bakt eple. Foto: Birgitte Brenne. 

 

Kjøttdeig og løk

«På min matlagingsstasjon lagde me sjokolade i banan og kjøttdeig i løk. Når me laga kjøttdeig i løk, skar me løken i to og tok utav det som var inni og sat igjen med dei to ytste laga slik at det likna på ei skål. Resten av løken skar med opp og blanda det med steikt kjøttdeig, og det tok med oppi løkskåla. Det var litt populært, halvparten likte det og halvparten likte det ikkje.»

 

Han tar ut det som er inni løken. Foto: Birgitte Brenne.

 

Sjokoladebanan

I sjokolade i banan brukte me mørk sjokolade og ein banan. Me skar bananen på langs og la sjokoladebitane oppi bananen og så la me det på bålbanna fordi at sjokoladen skulle smelta. Sjokolade i banan var berre litt populært fordi det var mange som ikkje likte mørk sjokolade.


Banan med mørk sjokolade oppi. Foto: Birgitte Brenne. 

 

Pinnebrød

«Då me lagde pinnebrød, så spikka me pinnar til å ha deigen på. Me krølla deigen på pinnen og tok kanel og sukker oppå. Så heldt me det over grillen og venta på at den skulle bli ferdig.»


Her spikkar dei pinnar til å ha deigen på. Foto: Brigitte Brenne. 

 

Fotografering

«På matstasjonen var mi oppgåve å ta bilete av dei andre som lagde maten. Fyrst tok eg bilete av dei som skar opp bacon og lagde potet med egg oppi. Etterpå tok eg bilete av dei som surra pinnebrød rundt pølser. Etter to bilete fekk eg trøbbel med kamera. Det var gøy å vera fotograf fordi eg likar å ta bilete.»

 

Førstehjelp

«Her var det tre ulike stasjonar. På den eine lærte me å bandasjera og støtta ein brotskade med fatle. Me lærte og å laga ei båre med to pinnar. Då tredde me to jakker inn på pinnane og tok igjen glidelåsen. Til slutt var me på isen og lærte isberging. Når du dett gjennom isen, er det viktig at du gjer deg så stor som mogeleg. Ta armane raskt ut til sida og hent fram kniven som du alltid har med deg på isen. Dra deg så fram etter kniven  til lands. Dette var veldig gøy og eg lærte masse denne dagen. Det var kjekt å læra fordi dette kan me få bruk for seinare.» 

 

Skule må ikkje vere innanfor fire vegger

– Tekst og bilete er denne gongen henta frå elevar i 5A og B ved Rimbareid skule. Me avsluttar alltid dagen med ei leikeøkt. Denne gongen var det «Ball over vegg». Det er viktig med både fagleg og sosial læring. Ein slik dag viser korleis me kan ha ein allsidig skule med engasjement og lærdom i praksis, skriv kontaktlærar Birgitte Brenne til slutt. .