Oteren var ikkje særleg redd, og let seg avbilda med mobil frå knapt to meters hald. Foto: Tore Nesbø.

Meir oter!

I «kjølvatnet» av oterartikkelen vår denne veka har me fått tilsendt eit par fine bilete av ein oter i fjøresteinane i Havn.

 

Fotograf er Tore Nesbø, som bur  området. Tidleg i fjor haust såg han noko stort som kom symjande innover mot båthamna i Havn. Det var heilt klart at dette var for stort til å vera ein mink, og då Tore nærma seg, såg han at det var ein stor, fin oter!

Tore fortel at oteren ikkje var redd i det heile, og han kom svært nær, utan at oteren trekte seg unna. På knapt to meters hald fekk han teke fleire gode bilde med mobiltelefonen sin. 

Kva som hadde skjedd om Tore hadde prøvd å ta flyndra frå oteren, seier ikkje soga noko om. Men til liks med oss andre synest Tore Nesbø at det er kjekt å sjå at oteren er tilbake i nærområdet vårt. 

Og me treng altså ikkje gå til fjells eller i ymse fryseboksar for å finna oter – han går midt iblant oss!

 


Her er oteren oppteken med ei flyndre som han fanga ute i sjøen. Foto: Tore Nesbø.