70 musikantar inviterer til ABBA-feber på Fitjar

Rundt 70 musikantar i alderen 7-60 år inviterer til eit heilstøypt ABBA-Show i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg 13. og 14. april 2018.

– Fitjar Skulekorps og Fitjar Musikklag har lenge hatt eit ynskje om å få til noko saman. Etter eit møte i haust mellom representantar frå begge korpsa, var det god stemning og tommel opp for eit slikt prosjekt, seier dirigent i Fitjar skulekorps Svein Roger Koppang.

Koppang viser til at ABBA passar perfekt for eit slikt prosjekt som går inkluderer deltakarar frå fleire generasjonar.

– Me har valt ABBA, fordi det er musikk som appellerar til alle aldersgrupper. Dei som har levd ei stund hugsar sikkert Agneta, Björn, Benny og Annifrid frå sin eigen ungdom, og dansa kanskje til ”Dancing Queen” eller ”Waterloo”. Dei som er unge i dag er igjen blitt kjende med ABBA, fyrst og fremst gjennom musikalen ”Mamma Mia”.

Koppang skriv vidare at korpsa gjennom dette prosjektet får vist kor stort variasjon det er i repertoaret til korpsa, med musikk som er godt kjent for dei fleste.

 

– Me lovar eit storstilt show med fantastiske songarar, blankpolerte instrument og glitrande hårband i ekte disco-stil.