Denne fine otersklia i Hedledalen viser at oteren har vore på tur i påskehelga. Foto Kjetil Rydland.

Oter i Fitjar!

I påskehelga har me fått fleire klåre teikn på at me har oter i Fitjar, og har gleda av å leggja fram ugjendrivelege bevis.

 

Eit lite stykke ovanfor Jurundskogen og Sølivatnet, i retning søraust mot Tysebotn, ligg Hedledalen. Her kom me over fleire fine otersklier frå ein einsleg oter som har kome frå Gavlavatnet på si vandring oppover Hedledalen mot Stord.

Eller kanskje han var ute og gjekk om grenselinja mellom kommunane Stord og Fitjar? Meir truleg er det nok at han var på leiting etter eit nytt vassdrag som var så pass ope at han kunne fanga fisk. Det er vanleg at oteren legg ut på lange vandringar for å finna gode fiskeplassar. 
 


Sklia er så brei at det ikkje kan ha vore mink. Oteren sklir på magen nedover, og i ytterkanten av sklia ser me groper etter bakbeina. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Oppover Hedledalen mot Tysebotn ser me spor etter både hjort, orrfugl og menneske. Her har me tidlegare sett andre sklier som kan vera etter mink, dei var i alle høve for smale til å vera otersklier. Foto: Kjetil Rydland.

Fleire ferske meldingar om oter  

I tllegg til denne fjellvandraren har me fått fleire meldingar om oter i Fitjar i det siste. Ein plass på vestsida av øya såg hyttefolk ein oter som var ute på symjetur i sjøen og såg over garnet. Han var heldig og sette seg ikkje fast, men lét fisken på garnet vera. 

Like heldig var ikkje oteren på den andre sida av Fitjar. Han var òg ute for å sjå over fangsten, men var så uheldig at han sette seg fast i trollgarnet på tre-fire meters djup. Då fiskaren kom for å dra garnet, var den stakkars oteren stokk stein død; ingen gjenopplivingsforsøk nytta. Dermed måtte det flotte dyret feira påska i ein fryeboks i Fitjar. Det beste denne oteren no kan håpa på, er å bli utstoppa. 

 


I ein fryseboks i Fitjar ligg denne flotte oteren og ventar på å bli utstoppa. Foto: Kjetil Rydland. 

 

Jan Rabben: Dette er oterspor!

Me har hatt bilete av skliene til gjennomsyn hos naturfotograf og forfattar Jan Rabben på Stord. Han slår fast at dette er oterspor! Han fortel at slike kraftige skliespor er det berre oteren som lagar. Til samanlikning ville ein mink laga ei mykje smalare sklie, som etter ei lita brusflaske. Dei markerte gropene på kvar side av sklia blir laga ved at oteren drar bakføtene etter seg, fortel Rabben.

– Dei første minkane som etablerte seg i naturen vår, rømde frå ein minkfarm i Brandasund i 1930, fortel Rabben her. I åra som følgde spreidde minken seg med rekordfart, og under krigen blei det fanga fleire tusen mink i Sunnhordland. Etter at oteren har vore borte i fleire tiår, er den no tilbake for fullt. Samtidig har talet på mink gått merkbart ned.

Her deler Rabben med oss litt av det han skreiv om oter for to år sidan: 

«Forseinka oter

I eit par tiår har oteren spreidd seg sørover frå Nord-Noreg og Trøndelag etter å ha vore fråverande på Vestlandet og Sørlandet sidan tidleg på 1960-talet. Han har for lengst kome tilbake til fjordar og skjergard heilt ned til Nordhordland. Etter kvart har han også kome seg over Selbjørnsfjorden, men det har gått, og går, veldig seint.

 

Druknar i ruser

Terje Haugland i Statens Naturoppsyn (SNO) er ein av dei som har best oversikt over utviklinga. I tillegg til å driva oppsyn langs heile hordalandskysten samlar han inn daude otrar for Miljødirektoratet. Han er ikkje i tvil om kvifor oteren har problem med å etablera seg for fullt i Sunnhordland: Eit skremmande høgt tal druknar i fiskeruser, først og fremst i torskeruser, men no også i leppefiskruser. I tillegg går ein og annan i fiskegarn, og nokre blir påkøyrde. Dette er dødsårsaker som ein art med langsam formeiring ikkje er tilpassa. 

Berre i januar samla Haugland inn knapt 20 otrar i fylket, og han meiner at mørketala er store. Truleg får han ikkje inn meir enn rundt ein tredjedel av dei som døyr av dei nemnde grunnane. Dette trass i at ein er pliktig til å rapportera all utilsikta fangst av freda dyr til SNO. Rusefangsten skjer også i stor stil lenger nord på Vestlandet, noko som tynnar ut oterbestanden og stoppar rekruttering og spreiing. Kanskje har dette med aukande leppefiskfangst å gjera. Ein av effektane er at det periodevis har vore meir mink å sjå igjen.

 

Nye rusetypar

Det vert no prøvd ut torskeruser som har rømmingsveg for oter, og vonleg vil desse ta over for dei som no vert nytta. Haugland har også døme på folk som har slutta med rusefangst fordi dei synest det er så trist kvar gong dei dreg opp ein drukna oter. Når det gjeld leppefiskruser, er det ei smal sak å montera på eit gitter som hindrar oteren i å koma inn. Det burde vera enkelt å laga eit påbod om dette. 

I førre veke var Haugland heilt sør i Bømlo for å førebu minkfangst i sjøfuglreservata og såg m.a. ferske oterspor på Espevær. Samstundes registrerte han mindre mink enn ved tidlegare besøk. Det er elles gjort ein heil del observasjonar av oter i Sunnhordland, så han er her. I fjor sommar henta Haugland ein hann på 9,5 kg som var påkøyrd ved Rydlandssaga, og sist haust vart ein oter sett ved Lundarstølen. 

Det er no stadfesta at oteren i stor grad fortrengjer minken, men då må oteren få skikkeleg fotfeste og oppretta revir. Det held ikkje med einskildindivid som streifar rundt. Og det seier seg sjølv at etableringa går seint når nykomarane heile tida endar i ei fiskeruse.

Januar 2016″

 

 
Til dei som lurer på kor Hedledalen er, gå opp hit, og så søraust mot Tysebotn. Foto: Kjetil Rydland.