Barna i Dåfjorden barnehage er blant dei som har støtta Karina Haaland. Foto: FP-arkiv/KR.

Helsing og takk frå Karina Haaland

I slutten av denne månaden reiser Karina Haaland til Moskva for å gjennomgå ein stamcelletransplantasjon, og hø ønskjer å takka dei som har støtta henne. Sjå helsinga nedanfor.

 

«Vil nytta høvet til å takka kvar og ein som har bidratt i kronerullinga for stamcelletransplantasjonen min, som skal gjennomførast i Moskva frå 23/04-22/05! 

Det har letta enormt at eg slepp å ta opp lån på heile summen og berre det at de har vist eit slikt stort engasjement- har verkeleg varma og gitt meg stor motivasjon! 

Eg kan ikkje få sagt det nok: Tusen hjerteleg takk!! 

 
Med vennleg helsing 

Karina Haaland»