Vakttelefonen til Stord Fitjar Røde Kors Hjelpekors har vore roleg i heile påskeferien. Foto: Kjetil Rydland.

Travel påske for Røde Kors – men ikkje her på øyo

Fine vêrforhold og omgangssjuke gjorde at Røde Kors sine hjelpemannskap i Hordaland måtte handtera hele 125 hendingar i påskeveka, men vakttelefonen til Stord Fitjar Røde Kors Hjelpekorps har vore heilt roleg gjennom heile påskeferien.

 

– Det har vore ei av dei travlaste påskene på mange år, seier Kent Eivind Vorland, ein av dei frivillige som har drive Hordaland Røde Kors sin informasjonssentral i påska. Han fortel at me må tilbake til 2013 for å koma i nærleiken av same talet. 


Travel påske for Kent Eivind Vorland og dei frivillige i Hordaland Røde Kors. Foto: Hordaland Røde Kors. 

 

Hendingane der Røde Kors-mannskap har blitt utkalte, har fordelt seg på ulike typa slik: 

Sjukdom 38
Sår/kutt  22
Hovud-/nakke-/ryggskade 11
Brot/forstuing 42
Brannskadar  2
Andre skadar  7
Trøytt/sliten/utrent  3
Totalt 125 hendingar

– Historisk har det vore fleire skadar dei åra med tidleg påske. I år var me i tillegg veldig heldige med vêrforholda og mykje snø, noko som gjorde at det var endå fleire folk i fjellet, og dermed blir det naturlegvis også flere skadar. 

Av dei totalt 125 hendingane var det 42 tilfelle av brot og forstuingar. I tillegg blei det registrert 38 tilfelle av sjukdom. Ein stor del av dette (27) var folk med mageproblem som måtte transporterast ned frå ulike hytter.

– Me pleier ikkje å måtta henta ut så mange folk med omgangssjuke som me gjorde i år. Det har i alle fall ikkje eg vore med på tidligare, fortel Vorland. 

Vorland mener at folk flest er flinke å ta forholdsreglar. 

– Sjølv om me har hatt veldig mange skadar i år, så kan me ikkje seia at dette skuldast at folk er uforsiktige. Sjølv om me hadde ekstrem snøskredfare i påska, og det ble rapportert inn mange skred, så var det ingen personar som blei tekne av skred i Hordaland. Eg tolkar dette som at dei fleste følgjer fjellvettreglane og har lytta til råd om å unngå skredfarlege område, seier Vorland.

Her på øyo har me ikkje hatt ei einaste hending der hjelpemannskapa til Røde Kors har blitt kalte ut, fortel Lars J. Rydland i hjelpekorpset til Fitjarposten. Dette må me tolka som at folk har vore flinke å ta sine forholdsreglar. Det har vore uvanleg mykje folk til fjells, og nytt det finaste skiføret me har hatt på fjellet i manns minne. 

 


Påskevakt i Kvinnherad Røde Kors Hjelpekorps. Foto: Hordaland Røde Kors.