Forsamlinga. Verkstadhallen på Dåfjorden Slipp var fullsett! Foto: Harald Johan Sandvik.

Gudsteneste i verkstadhallen i Dåfjorden

Det er tradisjon med gudsteneste på slippen i Dåfjorden andre påskedag.

 

Det var vintertemperatur i dag, og snøbyene seig langs fjellsida, men folk møttest til gudsteneste med smil og forventning. Det er spanande å koma ned på området til Dåfjorden Slipp, og verkstadhallen var fylt til siste stol.

Folk såg seg rundt, og dei sakna den nye mellombelse kyrkjelydspresten, han som har si teologiske utdanning frå Osternes Søndagsskule. Dette burde vera eit godt høve for han til å få litt praksis! Sjå presentasjon av presten i Fitjarposten 1. april!

Fungerande sokneprest Fríðleif Lydersen leia gudstenesta. Preiketeksten var frå Lukas-evangeliet: Dagen etter oppstoda stod Jesus brått midt mellom læresveinane, som hadde samla seg for å snakka om det som hadde hendt. Dei vart redde, og trudde det var ei ånd som stod der. Kvifor er de så redde, spurde Jesus. Har de noko å eta? Dei gav han steikt fisk, og han åt. Då skjøna dei det som hadde hendt dei siste dagane, det var slik han hadde sagt dei på førehand, men dei ville ikkje tru det då! Dette var i Guds plan frå før verda vart til, og Jesus vil at me skal dela bodskapen vidare i ord og gjerning.

Det er ikkje kyrkjeorgel i verkstadhallen. I staden fekk forsamlinga høyra og sjå bandet der Silje Rydland var vokalist, og Harald Rydland, Hans Kobberstad og Sverre Fangel Brekke musikarar.

Offeret i dag gjekk til Dåfjorden bedehus, og det vart på rett måte samla inn i ein kvit vernehjelm. 

Då gudstenesta var slutt, minna Fríðleif om at det var kyrkjekaffi etterpå, med kvalitetskjeks og kaffi. Husk sa han, «kaffe er en kristelig drikk, den er kokt på bønner!» Bak i hallen var det ein som ikkje fekk med seg heile poenget. Han snudde seg til kona og sa: «Høyrde du kva presten sa? Kaffien er kokt på Bømlo!»

For maritimt interesserte er det mykje å sjå på langs kaiane og på slippen. I dag stod «Vestgar» og «Riskafjord» på slippane, og «Bjørn», «Tysnes» og «Ekar» var nokre av båtane som låg til kai. Her er mykje historie samla! 

 

 
Fríðleif Lydersen ved alteret. Foto: Harald Johan Sandvik.

 


Vokalisten Silje Rydland og musikarane. Foto: Harald Johan Sandvik.

 


Leiv Stokken presenterte oldebarnet sitt, Carl Andreas Stokken, som fyller 11 månader i dag. Foto: Harald Johan Sandvik.

 

 
Kjenningar møtest på «kyrkjebakken». Foto: Harald Johan Sandvik.

 


«Vestgar» på slipp. Foto: Harald Johan Sandvik.