Eit tomt stativ er lite hjelp i om nokon skulle falla i sjøen ved strandpromenaden. Foto: Stein Gunnar Halleråker. 

Hærverk på redningsbøyane

Skjærtorsdag oppdaga Stein Gunnar Halleråker at redningsbøyane ved strandpromenaden i Rossneset var borte.

 

Stein Gunnar Halleråker fortel at han på skjærtorsdag fann éin stk. Tryg redningsbøye i sjøen sør for Fodno. 

 
Seinare såg han, då han var på tur rundt Rossneset med familien, at alle fem stativa ved den flotte strandpromenaden var tomme. Sannsynlegvis har dei blitt kasta på sjøen av pøblar tidleg i påskeveka, før skjærtorsafag.

 
No håpar han andre fitjarbuar kan ha funne dei siste fire rekande i Fitjarsjøen og at dei kan sette tilbake i stativa.

 
Det er trasig at slike ikkje får henga i fred, seier Stein Gunnar til Fitjarposten, poenget er jo vekke om ein må låse dei fast i stativa.

 
Det siste er me sjølvsagt heilt einige i, og ber om at redningsbøyane får henga i fred; dei er der for å berga liv om uhellet skulle vera ute!