*
Denne yndige, litle kusommaren ber bod om at våren er i ferd med å koma til Fitjar, i alle høve til Helland. Foto: Turid Sandvik.

Kusommaren blømer!

Trass i den uvanleg kalde våren har kusommaren så smått begynt å bløma i Fitjar. Det er Turid Sandvik kom over kusommar i blomst på påskeaftan.

 

Kusommar er eit av dei kjæraste vårteikna, og allereie før den siste kuldeperioden kunne me sjå på Facebook at folk hadde sett kusommar i blomst på Stord. Men i Fitjar har me leita til fånyttes etter den fine vårblomsten, heilt fram til i går.

 

Men på påskeaftan kom den glade bodskapen frå medarbeidaren vår på Helland, Turid Sandvik: Ho hadde endeleg kome over ein kusommar i blomst på vegen ned til Storavatnet. Dermed er han faktisk minst like tidleg som i fjor, overraskande nok. 

 

Kusommar er det lokale namnet på kusymre, eller primula vulgaris på latin. Slektsnamnet primula tyder «den første om våren», og viser til at dette er ein plante som blømer om våren. Planten veks i fuktig skuggefull skog og på grasbakkar, og er vanleg i Fitjar. Han er òg så vanleg i resten av fylket vårt at han er blitt utpeikt til fylkesblom for Hordaland.

Kusymra har fleire andre namn, i tillegg til kusommar har han andre lokale namn som kublom, gulveis og liblom. Namnet kan han ha fått av at han blømer på den tida då kyrne kunne sleppast ut på beite.