Kristian Skumsnes er klar til å ta over som kyrkjelydsprest i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland. 

Ny kyrkjelydsprest

Det er no klart at Fitjar får ny kyrkjelydsprest, då Kristian Skumsnes har teke på seg jobben på midletidig basis.

 

Som kjent vert Olav Johannes Oma innsett som sokneprest i Stord i morgon, og Fridleif Lydersen tek over som sokneprest i Fitjar. Dermed blei stillinga som kyrkjelydsprest i Fitjar ledig. Den vil verta lyst ut i nærmaste framtid, men det vil nok gå eit par månader før alt er avklart.

 

Derfor er det med stor glede kyrkjeverje Harald Rydland kan konstatera at spørsmålet inntil vidare er løyst på beste måte. No tek nemleg kyrkjelydsarbeidar Kristian Skumsnes over som kyrkjelydsprest i 40 % stilling. Dermed vil den fargerike bonden frå Nese koma opp i 100 % stilling i Fitjar sokn. 

 

Kristian fortel at han har grunnutdanninga si frå søndagsskulen i Osterneset, og han gler seg til å ta fatt som hjelpeprest. Han reknar med at det vil gå fint, for han har i alle høve konfirmert ein god del folk opp gjennom tidene. 

 

Kyrkjeverje Harald Rydland presiserer at dette er ei midlertiding løysing, medan me ventar på utlysing av stillinga. Han er glad for at Kristian tek ansvar, sjølv om dette ikkje er den optimale løysinga. 

 

– Men eg kjem høgst sannsynleg til å søkja! seier Kristian Skumsnes til slutt. 

 


Kyrkjeverje Harald Rydland er glad for at prestesorga løyste seg så smertefritt ved at Kristian Skumsnes går inn i den ledige stillinga. Også kantor Overweg t.h. ser fram til å samarbeida meir med den nye kyrkjelydspresten. Foto: Kjetil Rydland.