Her i steinrøysa ved skogsvegen våga denne kvite sjarmøren seg ut i solskinet i dag. Foto: Marie Hovstad.

Røyskatt!

I det fine vêret langfredag fekk familien frå Rimmereid eit sjeldant syn då dei gjekk på tur til Tveitanjoten.

 

Lars Ove Rimmereid fortel at det er 37,5 år sidan sist han såg ein røyskatt. I dag var han på tur til Tveitanjoten då ein kvit sjarmør våga seg fram frå steinrøysa si. Kona Marie Hovstad greidde å ta eit par bilete av den kvite røyskatten med mobiltelefonen sin. 

Underteikna har ikkje sett røyskatt meir enn i brøkdelen av eit sekund, etter mange år i skog og mark. Eg er derfor litt misunneleg på Oline, Marie og Lars Ove Rimmereid i dag. Men takkar for at Fitjarposten får lov å bruka bildet.

Røyskatt er eit relativt vanleg dyr i Fitjar, men det er altså ikkje så enkelt å få sjå han. Til det er han for sky. Men folk som er mykje ute i skog og mark i Fitjar, fortel at dei ser røyskatt av og til.