Slik ser det ut i hadla oppover mot Litle-Melen 40 år etter. Foto: FP-arkiv/KR.

Den store brannen i Melen II

Korleis gjekk sløkkinga oppe i Melen? Folk som var nede på Melsmyrane kunne ikkje vita noko om utviklinga der, av di røykteppet låg tett over heile fjellet. 

 

Alt tidleg på dagen hadde folk i Røde Kors hjelpekorps frå hytta på toppen av Stovegolvet – vore vitne til den oppblussande brannen i Melen. Hjelpekorpset hadde tidlegare overteke ei lita hytte som stod ved osen at Ytste Sørlivatnet. Den måtte dei berga! Rødekorskarane skunda seg nordover fjellet, og kom – gjennom røyk og gneistrok – fram til hytta ved Tømberhammaren.

Det var i siste liten. Dei små krampefurene som står rundt denne hytta var alt truga. Dei sprang inn i hytta etter bøtter, braut seg inn i ei anna hytte og fann nokre vasspann der. Dei dreiv på – kanskje i ein time – og skvette vatn på veggene, taket og på grassvorden utanfor hytta, og berga henne! Men hytta til Berje Aarbø, som stod i vestre hadla av Litle Melen, vart svidd av, så berre grunnmurane og omnen stod att. 

Korleis gjekk sløkkinga oppe i Melen? Folk som var nede på Melsmyrane kunne ikkje vita noko om utviklinga der, av di røykteppet låg tett over heile fjellet. 

Men høgt der oppe stod det ein langvarig kamp mot flammane: Etter at skogen i Litle Melen var avsvidd, fortsette flammefronten vidare austover. Den kom seg lett over myrdraget som får mellom Store og Litle Melen, og tok seg austover på sørsida av Søre Melen som ei grådig, slikkande eldtunge! Det såg faretruande ut, men no kom vêrgudane sløkkjarane til hjelp: Det stilna, og det vart råd å nærma seg eldmørja. Utpå natta var det nokolunde sløkt også her, høgt oppe i Melen. Så gjekk dei fleste av karane heimover, sota, fæle og daudtrøytte. Men dei hadde vunne slaget. Tidleg neste dag – påskedagen – kom det stupregn, og sløkte alle glørne for godt!

 


Dette biletet er teke i dag, i nærleiken av arnestaden for den store påskebrannen. Foto: Kjetil Rydland. 

KRISTEN AARBØ FORTEL:

Eg var ein av dei første som gjekk til fjells då meldinga kom. Det var ikkje underleg, for det er Årbøgarden som eig skogen i Melen og Ytste Sørlio. Som nemnt tidlegare, var eg med i sløkkinga på Melsmyrane og seinare i traktene ved Gavlavatnet. Der vart eg og nokre andre sitjande som vakter og venta på avløysing. Då det endeleg kom folk opp og overtok ansvaret, gjekk vår sløkkjegjeng ned til Tømberhammaren ved osen av Ytste Sørlivatnet.

Då var eg stuptrøytt, ikkje minst av å bera på den tunge ryggsprøyta. Medan me sat der i den mørke kvelden, kom Bjørn Haaland opp til oss. Han hadde òg jobba med sløkking sidan middagstider. Då han såg at det blussa opp eit bål på toppen av Sørlihompen, og at folk snakka og ropa der oppe, sette han til fjells med ein fart så ein kunne tru han var heilt utkvilt! «Da einaste eg håtta av heimturen va’ at eg va’ so heise trøytte» seier Kristen. 

KARL GLOPPEN:

Palmesøndag var ein klår, fin vårdag med nordvestleg laber til frisk bris. Skikkeleg lovande påskevêr! Eg og Jon Tufteland hadde teke ein tur innover til Sørlio. Me sette oss i tørt finnskjegg-gras og pusta på. Då hugsa eg at Jon sa: «Viss da e’ noken so slenge ei fyrstikka helde ei sigarettglo her, so ska’ da bli litt av eit bål!»

Så skulle den spådommen gå i oppfylling: Alt på påskeaftan, tidleg på ettermiddagen, vart me varsla av ein nabo om at det var brann i Sørlio. Eg ut på haugen med jaktkikkerten og stirde mot fjellgarden i søraust. Men det trongst ingen kikkert: Aust for Tveitafjellet steig det opp ein «atombombesopp» av ei røyksky! Eg hadde aldri sett maken tidlegare. Her var det berre ein ting å gjera: Smørja ei dugeleg niste, ta med ryggsekken med hanskar og litleøksa, og kasta meg i bilen. 

Då eg kjørde oppover den smale Sæterbøvegen, stod det så tett med parkerte bilar at eg berre så vidt fekk pressa min bil nesten ut i veggrøfta der eg sette den frå meg. Med det resultatet at eg fann bilen att med knust sidespegel og litt oppskrapt panser. Eg skunda meg alt eg kunne, det lei langt på ettermiddagen og de gjaldt å nytta dagslyset skulle brannen sløkkjast på påskeaftan. Veldige røykmassar steig opp i aust.

Då eg kom opp på høgda innafor Sæterbø og fekk eg full sikt innover fjellet, vart eg ståande og gapa: Heile vestsida av Litle-Melen var eitt einaste flammehav. Skogen hadde teke toppeld, og den friske nordvestbrisen bles som ein peispust oksygen til bålet! Det var to flammefrontar som rykte fram: Den nordre tok peiling mot Store Melen. Den andre – litt lågare i lia – hadde retning mot Sørlio. Nede på dei vide Melsmyrane såg eg røykvifter frå sotsvarte, svidde grasmyrar. Lenger aust og sør var dei høge fjella i bakgrunnen: Sørliknatten, Skorafjellet og Midtfjellet, delvis gøymde av brungrå røykskyer.

Eg skunda meg innover stien mot Ytste Sørlivatnet og kom meg til den staden der det ligg ei lita tjørn på venstre side av fjellstien. Hit hadde svea nådd, men ikkje lenger. Framføre meg høyrde eg folk som snakka og gav ordrar. Eg var framme ved frontlinja! Eg fann fram øksa, hogg meg ei lang og dugeleg brakebuske og gjekk laus på flammane som var overalt. Saman med nokre ukjende karar arbeidde eg her ei lita stund, og me fekk elden under kontroll så at den ikkje nådde ned i denne lune hola i fjellskogen. Det viste seg seinare at brannen hadde fare framom andre små område i terrenget, noko som mildna litt det heilt katastrofale brannsynet som openberra seg etterpå. 

Sola heldt no på å gå ned. Då kom det ein mann frå brannvesenet med oppmoding om å melda seg til innsats oppe i Store Melen, for der var det få folk og stor krise.

Me byrja straks å gå, ein liten gjeng, men ikkje i samla flokk. Dei fleste valde å ta vegen over Melsmyrane, nordaustover og så oppover til Kløvskarvatnet, og derfrå gjennom skaret mellom Litle og Store Melen opp til brannfeltet. Men eg og Olav Sørfonn tok like godt ein snarveg, rett oppover bratte Litle-Melen. Det var dristig, for me var ille ute dersom skoirne våre ikkje ville tola oskevarmen i svea. Me sota oss veldig til av svartsvidde brakegreiner, men me kom oss opp. 

Oppe ved brannfeltet trefte me på kjensfolk: Jon Tufteland, Karvel Strømme, Odd Espevoll, Sverre og Einar Torland og nokre fleire. Ansikta deira var merkte av sveitte og sot. Her oppe var det mest umogeleg å finna nye, friske brake- eller furegreiner til sløkkingsreiskap. For nedanfor oss, like over skoggrensa, rasa elden austover og oppover fjellskråninga. Heldigvis hadde eg ei bra brakebuske med meg, og kasta meg inn i nærkamp med lauselden. Men Sverre Torland bad meg slutta med dette: «La da bere bredna ut der nere. Me sete her og venta på atte sveo kjeme opp te ditta bergjet her. Då ska me slå te og stoppa ‘ne». Me så gjorde, men det var så vidt det gjekk, for ørsmå flammetunger prøvde overalt å krypa over bergkanten!

Då høyrde me ein kraftig dur i lufta nord for toppen. Og der senka det seg ned eit helikopter som kom med sløkkingsmannskap. Dette hadde brannleiinga fått melding om. Sjå, der kom det springande 4-5 mann nedover frå toppen – utan sløkkingsreiskap og utan ryggsekker. Dette var delvis ukjende folk. Ein av dei kom bort til meg, treiv brakebuska mi og ville vidare. Men eg stoppa han og sa at dette var mi brakebuske! Hadde han ikkje kniv eller anna reiskap med? Nei! «Du får låna mi øks og komma deg austøve der sveo ikkje har nådd, så fidne du deg vel ei buske» sa eg. Langt og lenge etter fekk eg øksa mi att.

Den hissige eldtunga åt seg lenger og lenger austover, like over skoggrensa. Me kunne mest ikkje sjå detaljar i terrenget meir, for no mørkna det merkbart. Då høyrde me folk som snakka, kanskje berre 50 meter nede i skogen, og i små glimt gjennom røykhavet såg me – i skinet frå brannlyset – andlet på folk som kjempa hardt for å hindra at elden skulle koma ned i skogen. Me ropte til dei, og dei svara og sa at dei var stordabuar. Kanskje var det Rødekors-karane som no, etter å ha berga hytta, kom opp hit?

Me var no nær sigeren. Vinden stilna då velden fall på, og flammane var ikkje lenger så hissige. Difor dreiv ne no mest med ettersløkking. Me hadde bede stordamennene om dei kunne melda frå om at me trong avløysing. Og det skulle dei. 

Så vart me fitjarkarane sitjande på eit bergskarv og eta resten av nista, medan me stirde sørover mot Sørlihompane, på andre sida av Sørlivatnet. Fjelltoppen klårna fram mellom røykskyene. Me høyrde folkemål der frå, og såg mange mindre bål og nokre større. Dei lyste opp med gulraude flammar i nattemørket.

Kanskje etter ein time kom avløysarmannskapet, og me kunne ta på heimvegen. Men det var lettare sagt enn gjort, for natta var beksvart. Eg, Karvel og Odd vart einige om å gå nedover i retning mot Tømberhammaren, og ikkje bry oss om at terrenget no var avsvidd. Dette vart ei ugløymande vandring: Då me kom ned i den brannherja småskogen, såg me ikkje handa for auga. Nei, me såg absolutt ingen ting, og lomelykt hadde me ikkje. Me heldt hendene framfor ansiktet for å skjerma augo. Stadig var me piska og sverta av usynlege kvister og greiner. Endeleg nede!

Då eg kom heim og såg meg i spegelen, kjende eg ikkje meg sjølv att, og ungane vart livredde!


Bladet Sunnhordland, faksilmile frå 17. april, første ugåva av bladet etter påske. 

 

ETTERORD

Då eg utpå ettermiddagen 2. påskedag såg Melen og Sørlio att, var landskapet heilt forandra: Oppover i Litle-Melen-hallinga stod hundrevis av fjellfurer, svartsota og utan bar, like eins i Sørlio og på haugane sørover mot Gavlavatnet. Sur sotrøyk reiv i naseborene.

Her trefte eg på heradsskogmeister Jensen frå Stord. Eg spurde han korleis det ville gå med dei mange furene som hadde fått svidd stamma og dei nedste greinene? «Dei vil nok stryka med, alle saman» svara han.

Det gjekk heldigvis ikkje slik. Etter ti år kunne ein konstatera at mange av furene «strei det over». Og står der grøne og levande den dag i dag. Ja, det er sant: Fjellfura er seig og sterk!