Det kan lett ta fyr i tørt gras. Her frå den store brannen i Melen påskeaftan 1974. Foto: FP-arkiv/KR. 

Stor fare for brann

Godvêret i det siste gjer at det tørkar fort i skog og mark, og Meteorologisk Institutt åtvarar om at det er stor og aukande fare for brann i lyng, gras og skog.

 

Meteorologisk institutt sende onsdag føremiddag ut Obs-varsel for heile Vestlandet. Varselet går ut på stor fare for gras- og lyngbrann der det er barmark, og du kan lesa de på www.yr.no

 
«Stor gras- og lyngbrannfare der det er barmark inntil det kjem nedbør av betydning.

Tidslinje onsdag 28. mars 2018 kl 09:00

Faren øker

Ukjent sluttidspunkt

Vegetasjon kan lett antennes og store områder kan bli berørt. Vær forsiktig med åpen ild.», står det i varselet.

Politiet i Sør-Vest melder på Twitter om branntilløp i Langevåg på Bømlo i ettermiddag. Denne gongen gjekk det bra, men me oppmodar folk om å vera forsiktige.