Mehammarsåto og Litlasåto vinkar i det ikkje altfor fjerne. Foto: Kjetil Rydland.

Påskesnø i Fitjar

Me går mot ei påske med brukbart skiføre i fjellet, kan me slå fast etter ein testtur over Svartavatnet, Mosavatnet og Grønafjellet.

 

Snøfallet i byrjinga av påskeveka gjer at me framleis har bra skiføre i Fitjarfjellet. Det er ikkje så fantastisk som det var for tre veker sidan, men det er meir enn nok snø nesten over alt.

 


På Svartavatnet, innover mot Kjeringjo, er det lett for å få is i rubben. Foto: Kjetil Rydland. 

 

Rett nok er det litt hardt og vondt frå Olstjødno og opp til gapahuken. Men derfrå er det ganske fint oppover. På Svartavatnet gjekk me langs land; problemet der er at det ligg litt vatn i snøen enkelte stader, og då blir det lett «is i rubben». 

 

Frå Kjeringjo og oppover er det litt for mykje vond skare, og det er nok best med stålkantar. Men snøfallet i byrjinga av veka har reparert litt. På Mosavatnet er det framleis heilt nydeleg, og det same gjeld traseen langs Grønafjedlet mot Mehammarsåto.

 

Slår dei flotte vêrmeldingane til, kan me gå mot den flottaste skipåska i Fitjar sidan 1970. God tur!

 


Inga Helland Lunde er ferdig med pausen ved Kjeringjo, og er klar for å undersøkja traseen mot Mehammarsåto. Foto: Kjetil Rydland.

 


Flott med snø, utsikt frå Kjeringjo mot Kjelssprongjet. Foto: Kjetil Rydland.