Engevik & Tislevoll AS, hjørnesteinsbedrift i Fitjar. Foto: FP-arkiv/KR. 

Arbeidsløysa i Hordaland stabilt låg

Talet på heilt arbeidsledige i Hordaland har gått ned med nærare 1300 personar sidan mars i fjor, og i Fitjar har me 19 færre ledige enn for eit år sidan.

 

Sidan same månad i fjor har 1295 hordalendingar kome seg ut i jobb. Me har no 8108 heilt ledige; dette utgjer 2,9 prosent av arbeidsstokken. Utviklinga dei siste tre månadane er stabil og mykje tyder på at arbeidsløysa er i ferd med å flata ut, heiter det i ei pressemelding frå Eivind A. Pettersen i NAV Hordaland.

 

Botn og topp

Talet på heilt ledige i Hordaland var i desember 2016 på 9920, det høgaste talet me har hatt dei siste ti åra.

I april 2008 var talet på heilt ledige 3515, som er det lågast registrerte talet. 

 

Trur trenden vil halda fram

Fungerande fylkesdirektør i NAV Hordaland, Tommy Johansen er nøgd med at arbeidsløysa har gått  ned med 14 prosent sidan mars 2017. Han håper utviklinga vil halda fram.

– Situasjonen for arbeidssøkjarane ser lys ut, og arbeidsløysa går ned for alle aldersgrupper, inkludert ungdom under 25 år. Me har 105 færre arbeidssøkjarar på tiltak enn i fjor, seier Johansen.

Hordaland hadde 2271 personar på tiltak, ei endring på -4,4 prosent frå mars 2017. Talet på langtids arbeidssøkjarar fall med 718 personar (-15,4 prosent).

 

Litt fleire langtidsledige

 Hordaland har 3273 delvis ledige, som er 660 færre enn på same tid i fjor. 

 Det er for tida 727 permitterte i NAV Hordaland sine register (-39 prosent).

 850 personar har gått ledige i 104 veker eller meir, ein auke på 163.

Bygg og anlegg (1192), industriarbeid (1118) og reiseliv og transport (896) er dei yrkesgruppene med flest ledige per mars 2018.

 

Positive tal for Bergen og Stord, Bømlo og Fitjar

Størst nedgang i arbeidsløysa utanfor Bergen finn vi denne månaden på Stord (- 138 personar), Bømlo (- 91),  Fjell (- 87 personar) og Lindås (- 85). 

– Nedgangen i arbeidsløysa er størst innan ingeniør- og IKT-fag (- 392), bygg og anlegg (-303) og industri (-390). I desse bransjane har 1085 personar fått seg jobb det siste kalenderåret. For nokon bransjar vil det verte stadig meir utfordrande å finne kvalifisert arbeidskraft, seier Tommy Johansen.

I Bergen kommune er det no  4 808 ledige.  Dette er 367 færre enn i fjor.

 I mars var det høgast arbeidsløyse i Austrheim (4,2 %) og Øygarden (4,1 %).

 Granvin (0,8 %), Ullensvang (1,0 %) og  Voss (1,2 %) har færrast ledige i fylket.

Fitjar kommune hadde i mars 40 arbeidsledige, eit tal som utgjer 2,4 % av arbeidsstyrken. Med det ligg me under gjennomsnittet for Hordalands-kommunena, som er 2,9 %. Til liks med Stord og Bømlo har me hatt ein klar nedgang i arbeidsløysa, på heile 19 personar sidan i fjor på desse tider. Dermed er prosenten nøyaktig den same som hos Bømlo, medan Stord ligg ein tidel over med sine 2,5 %. Med sine 1,6 % ligg Austevoll blant dei lågaste i Hordaland. 

Inkludert arbeidssøkjarar på tiltak er snittet for Hordaland 3,7 %, og tala for dei enkelte kommunane slik: Fitjar 3,2 %, Stord 3,2 %, Bømlo 3,4 % og Austevoll 2,0 %.

 

Til liks med nabokommunane våre i sør og vest ligg Fitjar litt under gjennomsnittet for Hordaland.