Full innsats på trening med jentelaget på palmesøndag. Foto: Kjetil Rydland.

Linnea – travel fotballjente med ambisjonar

Linnea Vestbøstad har travle fotballdagar etter at ho som éi av tre jenter i sin årsklasse frå Hordaland blei teken ut til Statoil sin talentleir i Sarpsborg.

Talentleiren som blei avvikla i Sarpsborg 18. – 21. mars er som ei landslagssamling å rekna. Linnea Vestbøstad frå Fitjar var éi av 60 spelarar frå heile landet som fekk vera med på denne samlinga. Ho fortel at to av dagane der borte gjekk i vasken på grunn av sjukdom, men søndag og onsdag fekk ho vist seg fram blant dei beste unge spelarane i landet.

Men ho har har ikkje kvilt på laurbæra etterpå. Laurdag var ho i Bergen og spela kretskamp på Nymarksbanen for Hordaland mot Sogn og Fjordane. Her fekk ho spela éin omgang, og det var nok til å scora eitt mål, slik at Hordaland vann 3-2 over naboane nordafor oss.

Då skulle det vel vera tid for påskeferie, men den gong ei. I går var Linnea travelt oppteken på kunstgraset på Fitjar; då var det trening med Fitjar Jenter 15. Dette er eit lag som har visse ambissjonar.

– Jentene er bygde for å vinna, seier trenar Karsten Vestbøstad.

- Annonse -

Men dei spelar i 2. divisjon, og halvparten av jentene er 14-åringar. Så han reknar med at dei vil få det meir enn tøft nok mot eldre motstandarar utover i sesongen. Neste  veke er det treningskamp mot Bremnes, og 10. april er det sesongstart borte mot Solid/Trott.

Så snart vårsesongen er over og skulane sluttar, blir det proffveke med Arna-Bjørnar på Linnea Vestbøstad. Då inviterer Bergens-klubben lovande spelarar til fem dagars samling i Arna.