Store og små i kø for å få vognene sine godkjende til løpssesongen. Foto: Privat. 

13 bilar klare til bilsportsesongen!

Bilsportfolket begynner å vakna or davlen; i går blei 13 av bilane til Fitjar Racing Team kontrollerte, og no er dei løpsklare til sesongen 2017.

 

Bilsportfolket har nok ikkje lege i dvale i vinter; det berre verkar slik. Dei som er lokalkjende i verkstaden på Rydland, og i eit par andre garasjar i bygdo, veit at bilsportfolket aldri kviler. Dei har brukt vintermånadene godt, og i går kunne dei framstilla heile 13 bilar for godkjenning.

 

For å få lov til å delta i motorsport må du ha bilen i forskriftsmessig stand, etter reglane til Norges Bilsport Forbund. Autorisert kontrollør i området vårt er Hans Kristjan Kristjansson frå Tysvær, og han var godt fornøgd med det han fekk sjå på Rydland. Laurdag føremiddag gjekk han gjennom heile 13 løpsbilar, og alle blei godkjende.

 

Det er ei rekkje punkt som må oppfyllast for at bilen skal bli godkjend. Motoren skal gå slik at nødstopp kan sjekkast; ein bil som ikkje startar heime, gjer det ikkje nødvendigvis på løp heller. Det skal ikkje førekomma lekkasjar av bensin, olje eller eksos, og feste til bensintank, batteri, skliplater, sete, selar, leidningar, røyr og slangar blir sjekka grundig. Bilen skal vera retta og måla og reingjort utvendig og innvendig, og rustskadar må sveisast. Bremsar og bremselys må òg vera på plass, og understellsnummert skal vera lesbart.

 

Håvard Helland stilte med rallycrossbilen sin, ein Volvo 440. Knut Olav Skaar stilte også med ein Volvo, medan Ole Lønning hadde to Volvo-ar. Søstera, Mari K. Lønning stilte med sin Ford Sierra, Ailin Vik med to stk. framhjulstrekt Opel, Kristina Sætre med bakhjulstrekt Opel med Volvo-motor, Jonas Heggøy med VW boble og Martin Fausk med BMW. Denne gongen stilte Oliver A. Matre berre med to VW-bobler, mot tre i fjor. Og sist, men ikkje minst, stilte årets nykommar Joakim Strand opp med ei VW-boble med Volvo-motor og mekanisk innsprøyting, årets mest spesielle bil. 

 

Skal me dømma etter talet på bilar og sjåførar, kan det gå mot ein aktiv sesong for Fitjar Racing Team. Sesongopninga blir allereie laurdag 7. april. Då går første runde i vestlandsmeisterskapen av stabelen, både for bilcross og rallycross, på Eikås Motorsenter i Bergen.

 


Kristjan Kritjansson fann ikkje mykje å setja fingeren på. Foto: Privat.

 


Fleire bobler i dei vakre fargane til Fitjar Racing Team. Foto: Privat. 

 


Bobla til Joakim Strand har Volvo-motor, som ikkje får skikkeleg plass, men ho vil heilt sikkert gå som ei kule. Foto: Privat.