Dagleg leiar ved Fitjar kultur- og idrettsbygg, Ole Bergesen, er strålande fornøgd med den nye heimesida. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar kino med ny heimeside

Fitjar kultur- og idrettsbygg har dei siste to månadane hatt eigen kino, og no kan ein fornøgd dagleg leiar, Ole Bergesen, fortelja at kinoen har fått si eiga heimeside, der du finn info og kan kjøpa billett.

 

Om du har lyst å gå på kino i påska, føreslår me at du går inn på den nye heimesida til Fitjar kino, og ser kva den lokale kinoen vår har å by på. Ein oppglødd Ole Bergesen minner om at her kan du finna dei ulike filmane som han har på menyen framover.

Heimesida http://www.fitjarkino.no/ er òg den offisielle heimesida til Fitjar kultur- og idrettbygg. Her kan du gå inn på den enkelte filmen, lesa omtale og sjå traileren. På linken til billettbestilling, kan du velja sete sjølv, og du slepp billettkø.

Det same gjeld det andre kultrurporogrammet på Fitjar kultur- og idrettsbygg. Du kan gå inn på heimesida og bestilla billettar til for eksempel Fitjar skulekorps og Fitjar Musikklag si framsyning «Mamma Mia» 13. og 14. april.

Ole Bergesen fortel at han planlegg å få opp ein infoskjerm på Spar Fitjar, og det har allereie kome opp kinoplakatar i kroken ved innganen til Larsen Multihandel. I morgon, palmesøndag viser Fitjar kino barnefilmen «Brillebjørn på bondegården» og deretter «Den sanne historien om Maria Magdalena».

Kinobesøket så langt har vore bra, seier Bergesen, og no har det meste gått seg til etter litt innkøyringsproblem i byrjinga. Men no er det ingen grunn til å nøla, du kan sjå blodferske filmar på Fitjar, så det er berre å gå inn på nettet og kjøpa billett, og gå på kino!

 


I kroken utanfor Larsen Multihandel kan du sjå kva filmar som er i kjømda. Foto: Kjetil Rydland. 

 

steroide medizin