Klokka 2 i natt skal klokka skruast éin time fram. Foto: FP-arkiv/KR.

Skru klokka fram – sommartida er her!

Det går mot lysare tider, og i natt markerer me det med å stilla klokka ein time fram, mot sommaren.

 

Vêret i mars har vel ikkje akkurat fått oss til å tenkja så mykje på sommaren, men i natt er sommartida over oss, anten me vil eller ikkje. Klokka 2 skal klokka stillast éin time fram, om du skal vera heil korrekt. Men for dei fleste av oss er det sikkert bra nok å venta til søndag morgon med å justera klokka.

1916 var det første året me hadde sommartid i Noreg; føremålet med sommartid har vore å oppnå ei betre utnytting av dei lyse timane i døgeret. Sommartida gjer at kveldane blir lysare, medan det blir litt tyngre å stå opp til rett tid om morgonen. Me har hatt sommartid kvart år sidan 1980, etter ein lang pause sidan 1965. Me følgjer sommartida i EU, det vil seia at siste helga i mars blir klokka stilt ein time fram, og siste helga i oktober stiller me klokka ein time tilbake.

For å hugsa kva veg du skal stilla klokka, kan du tenkja at klokka skal alltid stillast mot sommaren. Om hausten stiller du altså klokka ein time tilbake. I natt klokka 02.00, stiller du klokka ein time fram, også det mot sommaren.

No har vel dei fleste ein smarttelefon eller andre smarte dupedittar som hugsar dette sjølv. Slik at dei vaknar opp til ei klokke eller eit anna apparat som viser rett tid i morgon tidleg.

Fleire opplysningar om sommartida finn du på heimesida til Justervesenet.