± 
Anna Thorland og Fitjarrrussen er snart klare for russetida. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjarrussen med snill og velregissert revy

Revyen til Fitjarrussen trekte fullt hus i Kultursalen torsdag kveld, og dei frammøtte hadde ingen grunn til å angra på at dei møtte opp.

 

Fitjarrussen leverte ei blanda framsyning då dei bad inn til revy i Fitjar kultur- og idrettsbygg i går kveld. Men god regi og fleire flotte enkeltprestasjonar gjer at me sit att med ei god kjensle etter ei framsyning som varte i akkurat tre kvarter. 

Som venta fekk me høyra ein del sketsjar med sex, og desse hadde ikkje større underhaldningsverdi enn slike innslag plar ha. Men i løpet av den kort tilmålte tida si varta russen opp med fleire direkte flotte nummer.

Rektor Leif Helge Engelsen – i Espen Renstrøm sin skapnad – presenterte dei enkelte lærarane på svært sjarmerande vis. Både kostyme, kroppsspråk og tale gjorde at dei var lett gjenkjennelege. Sjølv for oss som ikkje er heilt innafor på Fitjar vidaregåande skule. Mest imponerte «rektor» Renstrøm og russepresident Linn Renathe Aasheim, som var nesten meir lik Hilde Førre enn originalen! Ein strålande sjarmerande prestasjon, som også den parodierte læraren sette stor pris på.

Læraren André Ottar Johnasen har tydelegvis gjort inntrykk på russen. Ein ganske innhaldslaus video med ein hurtig joggande Johansen i hovudrolla, var faktisk ganske underhaldande. Og kveldens absolutte høgdepunkt var Ingrid Nesse Belt sin song til den same Johansen. Ein flott revysong som blei framført på nydeleg vis. Ei perle!

Som vanleg i slike framsyningar blei me vitne til ein del dansenummer, som me har sett mange av før. Men det er jo kjekt å sjå at ungdommen føler seg fri på scenen. Ein ekstra spiss på eitt av nummera sette atletane Lars Matre og Håkon Omsland Johnsen, som lett og ledig slo baklengs salto på scenen. Flott!

Revysjef Mari Koløen Lønning skal ha ros for ein velregissert og triveleg revy. Ho delte mykje av æra med aktørane, som har laga alle sketsjane sjølve, og med lærar Sissel Jørgensen, som har vore rettleiar.

Rektor Leif Helge Engelsen vedgjekk at han hadde møtt opp med skrekkblanda fryd, men slo fast at dette ikkje var noko å vera redd for. Til liks med oss andre let han seg imponera av sitt alter ego i Espen Renstrøm sin skapnad, og slo fast at dette var den beste russserevyen han hadde sett på Fitjar. Det siste er me ikkje ueinige i. Dette var flott jobba!

 


Ingrid Nesse Belt med nydeleg song til læraren André Ottar Johansen. Foto: Kjetil Rydland

 


Rektor Leif Helge Engelsen blei imitert av Espen Renstrøm t.v. medan Linn Renathe Aasheim, framstilte Hilde Førre på sjarmerande vis. Foto: Kjetil Rydland.

 


Espen Renstrøm er klar til å ta over som rektor etter Leif Helge Engelsen. Foto: Kjetil Rydland.