NM-vinnar Victoria M. Maraas sprettar NM-kaka. Foto: Privat.

Karatefolket feira med kake

På torsdagens trening fekk karateklubben i Øvrebygda besøk av ordførar Wenche Tislevoll, som var med og feira NM-gullet til Victoria M. Maraas.

 

Etter treninga i går kveld feira karatefolket den ferske noregsmeisteren Victoria Malene «Karategirl» Maraas. Ekstra stas var det at sjølvaste ordføraren kom for å gratulere og eta kake med NM-vinnaren og dei andre 35 karateutøvarane som stilte på trening i gymsalen i Øvrebygda.

 


Ordførar Wenche Tislevoll gratulerte og åt kake med den ferske noregsmeoisteren Victoria M. Maraas.

 

Det vanka òg litt ekstra merksemd på dei to unge utøvarane Leander Helland og Daniel Marszałek, som nyleg har gradert til brunt belte. Tradisjonen tru fekk dei kvar sin pose frå klubben med namn på som inneheld tannbeskyttar og hanskar og belte.

 

Me gratulerer Fitjar Shotokan Karateklubb og dei unge utøvarane med flott innsats!

 


Leander Helland og Daniel Marszałek med posane dei har fått av hovudinstruktør Sukhwinder Koløen. Foto: Privat.