Handfjellssåto kom med på TellTur-programmet i fjor. Foto: FP-arkiv/KR.

TellTur-sesongen opnar palmesøndag

Tellturkodane for årets sesong er på plass på dei ulike turmåla i Stord og Fitjar, og sesongen opnar søndag 25. mars.

 

Som kjent avslutta Stord Fitjar Turlag Topptrimmen i fjor, og på medlemsmøtet denne veka blei dei siste premiane delte ut til ivrige topptrimmarar. Men turlagsleiar Gerda M. Øen minner om at Turlaget held fram samarbeidet med Frilftsrådet Vest om det digitale tilbodet TellTur.

Friluftsrådet Vest er eit interkommunalt samarbeidsorgan for friluftsliv i tolv kommunar i Nord-Rogaland og Sunnhordland. Dei tolv kommunane er Bokn, Bømlo, Etne, Fitjar, Haugesund, Karmøy, Kvinnherad, Sauda, Stord, Sveio, Tysvær og Vindafjord. I alle medlemskommunane finn me mange flotte turmål som me kan registrera på TellTur.

Stord-Fitjar Turlag har merkt stiar og lagt ut heile 11 postar i Fitjar kommune til årets sesong. Nytt turmål av året i Fitjar er «Konsulatet» i Rossneset; dei andre er Beinatjønnsvarden, Botnavatnet, Fiskaneset, Handfjellssåto, Kidno, Kjeringjo, Melen, Morkavatnet, Svartavatnet og Tindaslottet.

Nytt turmål i Stord er varden ved toppen av sherpatrappene i Fossabrekko. Dei andre turnåla er Ådlandsvatnet, Agdesteinfjellet, Barlindedalsvatnet, Bjødnahiet, Dyviksåta, Eventyrskogen, Hauglandskvedno, Mehammarsåta, Prestavarden, Ravatnet. Sherpatrappene, Skorafjellssåta, Stavalifjellet, Steingjelsheddo, Stovegolvet, Sørliknatten og Varden på Huglo.

TellTur har blitt umåteleg populært her på øyo, og er heilt tydeleg med på å få folk ut på tur. Fitjar kommune vil trekkja eit gåvekort på kr 500 blant dei som har delteke på TellTur i kommunen. Friluftsrådet Vest gir ein tursekk til ein av dei som går alle turane i Fitjar.

Om du ikkje har vore med før eller ikkje, føreslår me at du sjekkar denne nettstaden til TellTur. God tur!

 


Frå toppen av Handfjellssåto er det god utsikt i alle retningar, også mot Nuen, Tindane og Grønafjedlet. Foto: FP-arkiv/KR.