Vil kjøpe brannbil til 3,2 millionar kroner

Berre éin interessent, Egenes Brannteknikk AS, leverte tilbod på ny brannbil til Fitjar kommune. Formannskapet tilrår kjøp av brannbilen til 3,2 millionar kroner.

I Ros-analysen, Risiko-og sårbarhetsanalysen, som kommunen fekk utført i 2016, var kjøp av eigen branntankbil eit viktig punkt. I store deler av vassverket sitt leveringsområde er ikkje trykk og kapasitet god nok for tilførsle av sløkkjevatn. I tillegg er det aller meste av Osternes og heile Stranda utan offentleg vasstilførsle.

Drikkevassforskrifta frå 2017 seier også at ein kommune skal leggja til rette for transport av drikkevatn i naudsituasjonar, og ein ny bil må ha godkjend tank til det føremålet.

Etter utlysing på DOFFIN melde det seg fire interessentar, men berre firmaet Egenes Brannteknikk AS kom med tilbod, kr. 3.241.000 pluss mva. Egenes AS er den største leverandøren av brannbilar i landet, og dei har gode referansar.

Saka skal til kommunestyret, og formannskapet gav positiv tilråding:

Kommunestyret vedtek oppstart av arbeidet med bygging av branntankbil i samsvar med saksutgreiing. Administrasjonen får fullmakt til å inngå avtale med Egenes brannteknikk AS.

Tilskot til Fitjarfestivalen 2018

Styret for Fitjarfestivalen søkjer kommunen om kr. 50.000 i støtte. Festivalen har stor oppslutnad, og gir ringverknader for lokalsamfunnet. I 2017 fekk dei eit overskot på kr. 46.000, og dei budsjetterer med eit overskot på kr. 140.000 i år, ved ein omsetnad på kr. 1.035.000. Overskotet vert delt på lag og organisasjonar som deltar i arrangementet.

I 2017 løyvde kommunen kr. 50.000 i støtte, og formannskapet løyvde i dag samrøystes kr. 50.000 til festivalen i inneverande år.

Alt ligg til rette for bygging av strandpromenade i Fitjar. Foto: Halald Johana Sandvik

Strandpromenaden, ny kalkyle og løyving

Strandpromenaden frå Bankbygget og til Moahagen har vore tema lenge, men det har drege ut med fullføring. No er prosjektet delt i to. På del 2 i prosjektet, strekket frå Fitjartun til gamle Havnabru ved hotellet, er ikkje trase eller alle grunnavtalar avklart, men frå gamal til ny Havnabru er arbeidet ferdig. Her går promenaden på nordsida av elva. Frå den nye brua og langs elva på sørsida, er traseen nettopp ferdig fram til Gartnertomta og inn i Moahagen. Dette er del 1 i prosjektet, og det som var tema i saka i dag. Det er sett av kr. 250.000 i 2018, men kostnaden er kr. 400.000. Manko, kr. 150.000, vart løyvd av formannskapet i dag, og finansiert med auka låneramme.

Rekneskap 2017

I møtet 15. februar var det lagt fram førebels rekneskap for 2017, med atterhald om endelege tal. No er dette klart, og rekneskapen syner eit overskot på kr. 3.177.933.