Tolv av dei 14 som har fullført Topptrimmen alle dei 20 åra med diplom og Rabben-bok. Foto: Gerda M. Øen. 

Fullt hus på medlemsmøte i Turlaget

Turlagsfolk fylte nesten kantina på Fitjar vidaregåande skule i går kveld då Stord Fitjar Turlag skipa medlemsmøte. Ivrige turgåarar fekk velfortente premiar, og det blei vist bilete frå fjorårets turlagstur til Spania. 

 

Vel 50 godt vaksne stordabuar tok turen til Fitjar for å treffa 15 av turkameratane sine frå nordvest då det blei kalla inn til medlemsmøte tysdag kveld. Den aktive turlagsleiaren Gerda M. Øen innleidde møtet med sin «tale til folket». Her lovprisa ho den snørike vinteren, og vegen som hadde blitt opna opp til Olstjødno.

 

Aktive turlagsfolk

Ho har som dei fleste andre merka seg at Turlaget har kvikna til i Fitjar. Ho nemnde spesielt gapahuken ved Kidnavatnet, som Toralv Røen har gått i bresjen for. Og ikkje minst det nye turkartet for Stord og Fitjar, som ho er mektig stolt over. Her har Turlaget fått mykje støtte frå GjensidigeStiftelsen, Fitjar kommune, Fitjar Kraftlag og Midtfjellet Vindkraft. 

– Eg er heilt overvelda over velviljen frå sponsorane! utbraut den glade turlagsleiaren. 

Ho kunne fortleja at Stord Fitjar Turlag hadde godt over 1200 medlemmer ved siste årsskiftet. Mange av desse er aktive, og Turlaget har stadig nye dugnader på gang. Blant desse er merkinga av stiar i fjellet, og Gerda oppmoda medlemmene om å ta ansvar.

– Gå inn på heimesida til Stord Fitjar Turlag, finn deg ein sti du vil ta ansvar for, og gi beskjed! oppmoda ho. 


Topptrimmen slutt etter 20 år

Ein populær aktivitet som blei slutt i fjor, er Topptrimmen, som har lokka folk til topps i 20 sesongar etter oppstarten i 1998. I vår digitaliserte tidsalder har Turlaget gått over til meir moderne løysingar, og er blant anna med på Friluftstsrådet sitt tilbod, TellTur, som i år har 18 toppar i Stord kommune og ti i Fitjar, i tillegg til ei rekkje spanande turmål i nabokommunane våre. I fjor var nesten 1300 registrerte brukarar av TellTur i Stord og Fitjar. 

 


Avtroppande leiar i Topptrimnemnda, Siv Kvalsvik, har sjølv gjennomført Topptrimen alle 20 sesongane. Foto: Kjetil Rydland.

Den avtroppande leiaren i Topptrimgruppa, Siv Kvalsvik, kunne fortelja at over 600 har vore med på Topptrimmen i løpet av dei siste 20 åra. Ho delte ut diplom til dei som hadde fullført Topptrimmen kvart einaste år sidan 1998, og heile tolv av dei 14 var til stades på gårsdagens medlemsmøte. Det vanka diplom med bilete frå Mehammarsåto, den einaste toppen som har vore med heile tida. Og kvar si bok av Jan Jabben: «Ville blomar i Sunnhordland».

Dei 14 ivrigaste topptrimmarane er: Angunn Bårdsen, Svein Bårdsen, Arne Devik, Inger Devik, Inger C. Fitjar, Stein Grindstad, Arne Haugland, Siv Kvalsvik, Odd Gunnar Larsen, Kåre Roaldkvam, Signe Roaldkvam, Synnøve Rydland, Magne Sakseid og Harriet Tverderøy. 

I 2017 var det 8 personar som gjennomførte Topptrimmen for første gong, og dei vil få sin innleverte stein på sokkel, og sju personar har vore med i 10 år, fekk og sin premie. 

Ellen Vestbøstad sørgde for at møtelyden fekk eit solid måltid, før Birger Taranger og Anne Eldøy viste bilete og fortalte frå turlagsekspedisjonen til Andalucía i fjor haust. Elles blei det orientert om komande turar for sesongen dei aktivitetane turlaget er med på. 

 


Birger Taranger fortel om turen til Andalucia i fjor haust. Foto: Kjetil Rydland