Daglig leiar i Validér, Thomas Thiis, viser korleis store mengder data frå 780.000 AMS-målarar  blir analyserte og visualiserte i ei eigenutvikla dashbord-løysing.

Ny straummålar hindra brann

Dei nye, digitale straummålarane som er i ferd med å bli installerte i desse dagar, har mange fordeler, som ikkje alle er like godt kjende. 

 

Som kjent er den såkalla AMS-utrullinga i full gang i Fitjar, etter oppstart i kjellaren til ordførar Wenche Tislevoll i førre veke. Dei nye straummålarane er ikkje like populære blant alle, men dagleg leiar i Fitjar Kraftlag, Håvard Singelstad, presiserer at dette er eit pålegg som dei har fått frå Norges vassdrags- og energidirektorat NVE. Han vonar utrullinga vil gå mest mogleg smertefritt, og minner om at kvar «kvist» i dette arbeidet aukar kostnad og dermed indirekte på tariffane etter kvart.

 

 

Nye og spennande moglegheiter 

Han viser til ei pressemelding frå selskapet Validér AS, som viser at ein ny AMS-målar hindra brann hos ein nettkunde. Validér er eit selskap som blir eigd av kundane sine, blant andre BKK, Haugaland Kraft, Fitjar Kraftlag og ei rekkje større og mindre selskap.

I meldinga kjem det farm at dei nye AMS-målarane gir nye og spennande moglegheiter knytt til blant anna spenningsanalysar og jordfeildeteksjon. Validér nyttar avanserte algoritmar for å analysera store mengder data frå 780 000 automatiske straummålarar på vegner av 25 norske nettselskap. 300 000 av disse straummålarane er no monterte, og selskapet har allereie sett fleire gode døme på korleis analyse og visualisering av data kan redda liv.

Feil på det elektriske anlegget og feil bruk av elektrisk utstyr er årsak til nærmare 50 prosent av alle brannar i Noreg. Kunden er sjølv ansvarleg for sitt eige elektriske anlegg, og skjulte feil kan liggja uoppdaga i mange år – utan synlege teikn på brannfare.

 

Visualiserer informasjonen

Validér har sidan det ble stifta i 2013 utvikla ei rekkje tenester for kundane sine. Selskapet bearbeider og analyserer innsamla data frå AMS-infrastrukturen til nettselskapa og visualiserer all informasjon i ei oversiktleg og digital dashbord-løysing hos nettselskapa. 

 – Validér DASHBORD vil blant anna fanga opp og visualisera spenningsfeil i anlegga til kundane. Spenningsfeil kan i enkelte tilfelle vera ein indikasjon på svært kritiske feil i det elektriske anlegget, sier Thomas Thiis, daglig leiar i Validér.

 

Oppdaga kritisk spenningsfeil

Haugaland Kraft er eitt av nettselskapa som har opplevd verdien av tilgang på ny informasjon. På skjermane sine såg dei tydelege indikasjoner på ein kritisk spenningsfeil hos ein privatkunde i Haugesund, og sende straks ut ein montør for å avdekka årsaka. Det som møtte dei, var ein raudglødande inntaksboks der leidningane låg og gneistra bak dekselet. 

– Dette er ein såkalla klemmefeil i kunden sitt eige anlegg, der skruane som held leidningane på plass ikkje er skrudde godt nok fast. Slike feil er vanskelege å oppdaga for kunden og kan forverrast over lang tid ved at ledningane vibrerer og losnar frå festet. Til slutt kan varmeutviklinga bli så stor at den skaper brann i bustaden, og i dette tilfellet var situasjonen prekær, seier Asbjørn Tverdal, prosjektdirektør i Haugaland Kraft.

 

Positive ringverkander av AMS-innføringa

– Eg meiner mange av dei verkeleg positive ringvirknadeneav AMS-innføringen i Norge dessverre ikkje kjem godt nok fram. Tilgang til meir informasjon og kunnskap vil føra til betre tryggleik for sluttkundane som kan ha skjulte feil i eigne elektriske anlegg, sier Thiis.

25 nettselskap har gjennom program SORIA samarbeidd om felles innføring og drift av AMS. Samarbeidet mellom nettselskapa held fram gjennom det felleseigde driftsselskapet Validér, og stordriftsfordeler blir no realiserte gjennom selskapets utvikling av verdiaukende funksjonalitet.

– Ved å samarbeida på denne måten har me tilgang til ressursar og unik kompetanse hos nettselskapa. Dette er avgjerande for vår utvikling av framtidige tenester til nettselskapa, seier Henning Stenseth, operativ leiar i Validér.