Hegre er ein stor og imponerande fugl. Foto: Kjetil Rydland. 

Hegre – ein flott fugl!

Hegre er ein relativt vanleg fugl hos oss, men like fullt eit imponerande syn, som me fekk høve til å nyta i skogen i går.

 

I går kom me over ein hegre som hadde tenkt seg på fisketur i Fjordabekkjen, som renn under vegen til Svartasmoget og ned i Dåfjorden. Han blei truleg uroa i planane sine, kom seg på vengjene og forsvann i skogen.

 

Hegren er ein svært stor fugl, samanlikna med nesten alle andre fuglar i naturen vår. Han kan bli rundt ein meter lang, og vengespennet er på 155–175 cm. Vekta på ein vaksen fugl kan koma opp i 1,4 kg. 

 
Vanlegvis blir denne fuglen kalla for berre hegre, men i bøkene heiter han hegre, gråhegre eller fiskehegre, og høyrer til hegrefamilien, ein talrik familie i ordenen pelikanfuglane.

Hegren lever for det meste av fisk, men også småfugl, frosk, padder og egg. Når han fiskar, viser han stort tolmod og kan stå heilt i ro i vassskanten i fleire timar medan han ventar på eit freistande bytte.  

 
Her kjem nokre bilete som ein stilstudie av den flotte fuglen: 


Hegre, på veg ned til Fjordabekkjen? Foto: Kjetil Rydland. 

 


Her har hegren kome seg på vengjene. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Og set kursen mot nokre tre i nærleiken. Foto: Kjetil Rydland.

 


Og her forsvinn hegren mellom trea, for å dukka opp att i bekken ei lita stund seinare. Foto: Kjetil Rydland.