Gruppebilde med Fitjar og Stord skyttarlag etter stemnet i Åsane søndag. Foto: Privat.

Treffsikre Fitjar-skyttarar

Ivrige Fitjar-skyttarar held fram med å treffa blinkane, og denne helga var dei i Åsane og gjorde det svært så bra. 

 

Denne gongen reiste dei tre ivrigaste Fitjar-skyttarane saman med eit par unge Stord-skyttarar til Hordvik i Åsane. Der var det feltstemne på laurdag.

Dei unge stordabuane Lauritz Bjelland og Emil Vatna vart høvesvis nummer 1 med 30/22 og nummer 5 med 28/17 i klassen eldre rekrutt.

Lars Sigurd Tufteland skaut 24/7 i litt rufsete vind. Med det resultatet fekk han ein fin 4.-plass av sju skyttarar i rekruttklassen.  

Anita Bakkane vann sin klasse med 26/10.

Men mest imponerande var Ruben Kristoffer Tufteland, som hadde reist heilt frå Fitjar utan hullkorn. Han fekk i tolvte time låna av «mattenabo» Lauritz Bjelland, og klarte imponerande 30/19. Det gav han ein flott 2.-plass av 15 deltakarar i juniorklassen.

Me gratulerer dei treffsikre skyttarane våre med fin innsats.