Våren er komen i Dåfjorden, her renn Fjordabekkjen ut i Pøylo heilt i nord. Foto: Kjetil Rydland.

Vårjamdøger i morgon – våren er her!

Trass i vinter og eventyrlege skiforhold i fjellet, går det mot vår, og i morgon er det vårjamdøger. 

 

Tysdag 20. mars kl. 17.15 går sola inn på den nordlege delen av himmelen, og astronomisk sett blir dermed sommerhalvåret – endelig – innleidd. Det er vitenformidlar Anne Mette Sannes og astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard bak nettstaden astroevents.no som minner oss om dette uomtvistelege faktum.

 

Dag og natt er like lange

Denne dagen blir kalla vårjamdøger fordi dag og natt er like lange over heile jorda. Dagane blir no merkbart lengre og sommarhungrige nordmenn vil kjenna ein tydeleg forskjell på varmen frå sola.

Over hele kloden er det i morgon tolv timar frå soloppgang til solnedgang, dvs. at dag og natt er like lange over hele jorda, noko som inntrer to gonger i året, ved vårjamdøger og haustjevndøger. På desse to dagane står sola rett over ekvator, og berre på jamdøgera kan ein person som står ved ekvator, sjå sola passera rett over hovudet (i senit) midt på dagen.

På Nordpolen kjem sola til syne igjen etter eit halvt års vintermørke og går først ned igjen om seks månader – ved høstjamdøger. På Sydpolen skjer akkurat det motsette: Sola går ned og blir borte i eit halvt år for så å dukka opp i igjen ved høstjamdøger

 


Årstidene på jorda. Lengst til høgre: Vintersolkverv, deretter (i pilenes retning) vårjamdøger, sommarsolkverv (lengst til venstre) og høstjamdøger (nærmast oss). Illustrasjon: Wikipedia.

 

Konsekvensar for Noreg

Daglengda aukar no raskt – aller raskast nord i landet – og me merkar at solvarmen aukar hurtig dag for dag både fordi sola kjem høgare på himmelen og fordi sola er oppe fleire timar i døgeret og har lengre tid til å varma opp bakken og lufta.

 


Me kan begynna å gle oss over lengre og lysare dager! Her frå den fantastiske øya Lovund (lundefugløya) på Helgelandskysten i midnattssol ein junidag. Foto: Anne Mette Sannes.