Ole Sandvik og Einar Tislevoll med utmerkingane sine på årssamlinga i førre veke. Foto: TINE

Heider og ære for god mjølk

På årssamlinga til Sunnhordland produsentlag sist onsdag blei det delt ut fleire plakettar til flinke mjølkeprodusentar frå Fitjar. 

 

Dette er utmerkingar som heng svært høgt, skriv Ola E. Alne, sekretær for Sunnhordland produsentlag. For å nå opp må ein levera særs god mjølk over lang tid, skriv han, og listar opp dei utmerkingane det er snakk om:  

5-årsplakett:       elitemjølk 5 av 6 år
10-årsplakett:     elitemjølk 10 av 12 år
15 Sølvtine:        elitemjølk 15 av 15 år
20-årsplakett:     elitemjølk 20 av 22 år
25 Mjølkespann: elitemjølk 25 av 25 år

Det er ei rekkje krav må innfriast for å få mjølka klassifisert som elitemjølk. 

Celletal, bakterie- og sporeinnhald, frie feittsyrer og frysepunkt vert kontrollert fleire gonger i månaden, og mjølka vert kontrollert for innhald av medisinrestar ved kvar einaste  mjølkehenting.

I tillegg er det krav om KSL-godkjenning (kvalitetssystemet i Landbruket) og eit godt fjøsstell.

«Å levera elitemjølk over lang tid krev både fagkunnskap og gode rutinar i gardsdrifta. Mjølkeprodusentane blir meir og meir bevisste på kva god mjølkekvalitet betyr, og dei gjer ein stor innsats», seier styreleiar Trond Reierstad i TINE. 

På årssamlinga i Sunnhordland produsentlag på Fitjar Sjø og Camping onsdag 14. mars fekk desse mjølkeprodusentane høgthengande utmerkingar:

5-årsplakett: Espen Haukanes, Huglo 

10-årsplakett: Hildegunn og Ole Sandvik, Fitjar

20-årsplakett: Einar Tislevoll, Fitjar.