Håvard Fitjar kjempar mot søvnen tidleg søndag morgon. Foto: Kjetil Rydland.

Data dag og natt

I helga har rundt 40 ungdommar spela data døgeret på tamp i Fitjar kultur- og idrettsbygg.

 

Ryktet gjekk i går om at enkelte hadde tenkt å klara seg gjennom helga utan å sova i det heile. Det ville i så fall vera litt av ein prestasjon, å halda det gåande frå fredag kveld klokka 18 til søndag middag.

 


Idrettshallen søndag morgon ca. kl. 5. Foto: Kjetil Rydland. 

 

Men då Fitjarposten var innom søndag morgon klokka halv fem, hadde dei fleste ungdommane gått til ro. Folk sov i «sovekroken» i motsett ende av idrettshallen, under trappa og under pultane med datamaskinar. Blant dei seks-åtte som kjempa mot søvnen, og heldt det gåande framfor dataskjermane, fann me LAN-general Håvard Fitjar. 

 

På spørsmål om han har vore våken heilt sidan fredag ettermiddag, seier han: – Nei, er du galen? Han vedgår at han var heime laurdag føremiddag og sov nokre timar for å samla krefter til resten av LAN-helga, og no skal han halda ut til nedrigginga byrjar, klokka 12. Det reknar han med å klara utan kaffi. – Det er visst berre vaktene som drikk kaffi, seier han. 

 


Idrettshallen natt til søndag. Foto: Håvard Fitjar. 

 

Håvard fortel at han har spela ymse spel med kompisar rundt om den store idrettshallen. Det har gått mykje på FORTNITE, seier han. Det er eit spel det det gjeld å stå att som den siste levande, etter at 100 personar har landa på ei øy frå ein flygande buss. Skal me dømma etter andre dataskjermar i mørket, var Counter Strike og League of Legends andre populære spel .

 

Håvard fortel at dei i tillegg til dataspel, har hatt fleire konkurransar. Den eine gjekk ut på å eta ein chili, og så vera den som greidde venta lengst med å drikka vatn etterpå. Ein annan gjekk ut på å drikka ei flaske brus på kortast mogleg tid; den vann Jonas Moldskred. 

 

For dei fleste av dei unge deltakarane – som var ope for 7. klasse og oppover – var eit slikt LAN ei ny oppleving. Ifølgje LAN-generalen hadde det vore ein suksess. Ikkje alle dei andre var tilgjengelege for kommentar, men me vil tru dei er einige, når dei etter kvart kjem til hektene …

 


Kjekt på LAN, synest Harald Rydland, men han vil ikkje ut med kven han spelar mot. Foto: Kjetil Rydland.