Christina Ringheim Koløen og Victoria Maraas med NM-gull i karate i Bergen i går. Foto: Privat. 

NM-gull i karate!

Fitjar fekk to gull unders gårsdagens NM i Bergen i går, i det både Victoria Maraas og Christina Ringheim Koløen gjekk heilt til topps i sine klassar. 

 
Fitjar Shotokan Karateklubb stilte med tre utøvarar under NM i JKA karate i Fyllingsdaglen Idrettshall i går. Og alle gjorde sine saker bra. 

Victoria Maraas vart norgesmeister i kumite (kamp) i sin klasse jenter 13-14 år 3-1 kyu. Fitjarjenta Cristina Ringheim Koløen trener til dagleg i Bjørgvin Karateklubb i Bergen. Ho vart dobbel norgesmeister i klassen jenter 17-19 år 3-1 kyu. Ho vann både kumite (kamp) og kata (mønster).

Trond Strand stilte i klassen 20+ Dan. Han klarte ikkje å koma på pallen, men viste fantastisk bra innsats på matta, melder ein av dommarane i helga, Sukhwinder Koløen.

Me gratulerer med den flotte innsatsen! 

 


Fitjar-dommaren Sukhwinder Koløen i aksjon i Fyllingsdalen i går. Foto: Privat.