Ta vel imot konfirmantane!

Førstkomande tysdag vil konfirmantane gå frå hus til hus for å samla inn pengar til Kirkens Nødhjelp sin Fasteaksjon.

 

Den årlege fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp går av stabelen tysdag 20. mars. Konfirmantane i Fitjar vil gå frå hus til hus med bøsse i tidsrommet kl. 17 til 19.

 
Fasteaksjonen er den nest største årlege innsamlingsaksjonen i Noreg, etter TV-aksjonen. Pengane går til det internasjoanle arbeidet til Kirkens Nødhjelp. Aksjonen er lagt i ei tid av kyrkjeåret som heiter fastetida, som varer frå oskeonsdag. 

 
Slagordet for fasteaksjonen i år er «Ja, vi elsker dette vannet». Som namnet tilser, er temaet for Fasteaksjonen i år Kirkens Nødhjelp sitt arbeid med vatn og sanitær i utsette område omkring i verda. 

 
Meir info om Fasteaksjonen finn du på heimesida til Kirkens Nødhjelp