Paul Colman på scenen. Foto: Kirkeli Foto.

Paul Colman på Fitjar bedehus!

Komande sundag vert det konsert med den kjende songaren og låtskrivaren Paul Colman i Fitjar bedehus.

 

Paul Colman kjem tilbake til Sunnhordland, denne gongen til Fitjar bedehus, heiter det i ei pressemelding frå Skjærgårds LIVE Sunnhordland.

Paul Colman besøkte Sunnhordland for først gong i 2014, og kvart år sidan den gong har han returnert for å levera konsertar av høg kvalitet og med eit stort innhald av humor. Han har fleire gonger hatt konsert både på Stord og Bømlo. No er han tilbake, og denne gongen med konsert på Fitjar bedehus!

Paul Colman er ein pop/rock-artist frå Australia som no har sin heimstad i USA. Colman er ein Grammy-nominert songar/låtskrivar/entertainer. Han har opptredd over heile verda, fått fleire prisar og han har selt hundre tusen plater.

Paul reiser framleis verda rundt og syng, snakkar og deler sine songar, tankar og tru. Han har gitt ut heile 15 plater, og frå 2005 til 2008 var han gitarist for The Newsboys. I januar 2009 sleppte han albumet «Historie» som er ei samling av dei beste songane hans, og i 2016 kom han med albumet Recalculating.

Colman er for mange sunnhordlendingar likevel mest kjent for sin sterke kjærleik til brunost. Då han i 2015 vitja Bømlo og Sunnhordland publiserte han ein video på Facebook-sida si der han beskriv den særnorske påleggstypen brunost. Lite visste han då at videoen skulle gå viralt og bli sett av 2,4 millionar menneske.

Det er Skjærgårds LIVE Sunnhordland i samarbeid med IMF Fitjar som er arrangør for konserten.