Den afghanske familien tapte i retten

Borgarting lagmannsrett meiner det ikkje er grunn til å la den afghanske familien som var i kyrkjeasyl i Fitjar få bli i Norge fram til ankesaka skal opp.

– Vilkåra for å ta kravet om midlertidig forføyning til følgje er ikkje til stades. Vedtaka frå Utlendingsnemnda med etterfølgjande beslutningar er gyldige, og baserer seg på korrekt faktum og korrekt bruk av lova, skriv Borgarting lagmannsrett i kjenninga.

Retten meiner forklaringane frå det afghanske ekteparet ikkje er truverdige nok til at dette skal endre på vedtaket frå UNE.

Ikkje sannsynleg forklaring

– Hovudkravet om forfølgelse er ikkje tilstrekkeleg sannsynleggjort, og då er heller ikkje sikringsgrunnen sannsynleggjort. Forklaringa om sitt utanekteskaplege forhold, samt korleis ekteskapet kom i stand, kan ikkje leggast til grunn. Forklaringane er ikkje «nokon lunde sannsynlege«, skriv retten.

Retten er også skeptiske til påstanden frå både ekteparet og kyrkjelyden Nytt Liv Sunnhordland om at dei er ekte konvertittar frå islam til kristemdom.

– Det er ikkje sannsynleggjort at paret etter at dei kom til Norge er reelle konvertittar. Det er difor heller ikkje på dette grunnlag nokon risiko for forfølgelse ved retur til Afghanistan.

Familien er også dømt til å betale sakskostnadar på nær 50.000 kroner.

– Forferdeleg tungt

Pastor Frank Håvik fortel til NRK Hordaland at det var han som måtte overbringe beskjeden til familien om at det siste håpet om å få bli i Norge no er ute.

– Det var forferdelig tungt. Dei brast ut i gråt, seier han.

Håvik fryktar no at styresmaktene vil sende familien ut av landet så snart som mogleg.

 

– Me har gjort alt me kan, no er det ikkje meir å gjere. Me må få tatt avskjed, seier han.