«Korleis handtere det uunngåelege» er tittelen onsdagens klimatilskiping. 

Foredrag og klimadebatt

Onsdag 21. mars vert det arrangert ein viktig debatt i kultursalen på Fitjar kultur- og idrettsbygg, i forlenginga av eit foredrag om klima.

 

KORLEIS HANDTERE DET UUNNGÅELEGE? er tittelen på tilskipinga i Fitjar kultur- og idrettsbygg førstkomande onsdag. 

Gjennom Hordaland fylkesbibliotek vil Fitjar folkebibliotek i samarbeid med Stord/Fitjar landbruks- og miljøkontor arrangere eit klimaforedrag med påfølgande debatt, skriv biblioteksjef Silje Torbjørnsen i ei pressemelding. 

Klimaforedraget og debatten tek utgangspunkt i Klimaplanen til Hordaland fylkeskommune. Målet er å medverke til at innbyggjarar i alle delar av fylket kjem nærare å gjere fleire klimavenlege val. Det vert også ei klimautstilling i forkant av føredrag/debatt. Opplegget er finansiert av handlingsprogrammet for Klimaplan i Hordaland.

Kikki Kleiven, forskar og geolog ved Institutt for Geovitskap og Bjerknessenteret ved Universitetet i Bergen, vil halde eit populærvitskapleg føredrag med fokus på kva som styrer klima og utfordringar og løysingar sett gjennom vestnorske forhold.

Kvifor er endringane dei siste 150 åra annleis enn tidlegare varmeperiodar som under middelalderen eller for 7000 år sidan? Kva for klimaendringar skjer globalt og kva for endringar vil vi her i Vest-Norge måtte førebu oss på og tilpasse oss til? Kan kommunar og samfunn i Norge verte del av den globale klimaløysinga?

Kikki Kleiva set den globale klimaforskinga inn i eit lokalt perspektiv og nyttar historiske hendingar for å kaste lys over dagens klimasituasjon.

Lars-Henrik Paarup Michelsen, dagleg leiar i Norsk klimastiftelse, vil lede den påfølgande debatten. Fokuset her vil vere:

• Klimatilpassing. Kva gjer kommunen for å tilpasse seg eit endra klima?

Kunne ein gjort noko meir eller annleis?

• Klimatiltak og grøn omstilling. Kva gjer kommunen for å redusere eigne utslepp og kva blir gjort for å fremje vekst for grønt næringsliv?

Debattpanelet vil bestå av ordførar Wenche Tislevoll, verftsdirektør Hugo Strand og ein representant frå Fitjar ungdomsråd.