Engevik & Tislevoll – ei hjørnesteinsbedrift i Fitjar. Foto: FP-arkiv/KR. 

Større optimisme i næringslivet

Bedriftsleiarar på Vestlandet ser lysare på framtida enn på fem år, går det fram av ei pressemelding frå Sparebanken Vest.

 

Framtidstrua aukar til det høgaste nivået sitt sidan andre kvartal 2013, ifølgje Vestlandsindeksen. Men konserndirektør Ragnhild Janbu Fresvik etterlyser framleis auka investeringar i fleire næringar for å få fleire framtidige bein å stå på for vestlandsøkonomien.

 


Konserndirektør Ragnhild Janbu Fresvik i Sparebanken Vest. Foto: Sparebanken Vest.

Vestlandsindeks 1-2018 er ei undersøking blant 700 bedriftsleiarar på Vestlandet utarbeidd av Sparebanken Vest i samarbeid med Respons Analyse. Indeksen går frå 0 til 100. Eit tallover 50 indikerer eit positivt syn på den økonomiske situasjonen og utviklinga, medan eit tal under 50 indikerer pessimisme. For første kvartal 2018 viser Vestlandsindeks ein resultatindeks på 60,3 og ein forventningsindeks på 67,1.

Bedriftene ventar betring i både investeringar, sysselsetting, etterspørsel og lønnsemd framover. Det er eit signal på at vestlandsøkonomien vil styrkja seg ytterlegare. Andelen bedrifter som fventar auka sysselsetting er no på sitt høgaste nivå sidan oljenedturen.

– Det er gledeleg at sysselsettingsindeksen aukar, men vi skal merka oss at auken i årsverk er spådd i bedrifter med høy eksponering mot olje og gass, og store bedrifter med meir enn 100 millionar kroner i omsetnad, seier konserndirektør i Sparebanken Vest Ragnhild Janbu Fresvik.

– Samtidig ser vi at nyetablerte bedrifter med mindre enn til tilsette rapporterer om lågare sysselsettingsforventningar enn dei større, etablerte bedriftene. Derfor vil eit viktig grep for å oppnå vidare jobbskaping på Vestlandet vera å leggja til rette for mindre bedrifter i vekstfasen, seier Fresvik.

 

POSITIVE FORVENTNINGAR I OLJENÆRINGA – MEN OMSTILLING TRENGST

Auka oljepris har bidrege til å auka lønnsemda i petroleumsbransjen. Bedrifter med meir enn 50 prosent av omsetnaden knytt til olje- og gassrelatert verksemd har no ein høgare forventningsindeks enn andre bedrifter for første gong sidan andre kvartal 2014. Den norske krona har halde seg svak, og saman med en høgare oljepris gir dette framleis medvind til eksportnæringane.

– På Vestlandet eksporterer vi i all hovudsak råvarer, og vi er ein liten og open økonomi. Det gjer oss sårbare. Akkurat no får vi god draghjelp frå auka fart i verdsøkonomien, men signal om auka proteksjonisme kan gi usikkerheit, sier Ragnhild Janbu Fresvik.

– Vi må i større grad bevega oss frå å vera ein eksportør av råvarer til å eksportera kunnskap. Regionen vår har verdsleiande ingeniørkompetanse og omstillingsevne. Vi kan dra parallellar mellom Vestlandet og The Valley der begge er prega av ein høgt utdanna arbeidsstokk med høg produktivitet. Dette fortrinnet må vi utnytta inn i nye næringar og nye forretningsmodellar, seier Fresvik.

 

BUMERANGINVESTERINGAR OG NYE NÆRINGAR. 

Vestlandsindeks 1-2018 viser at investeringsforventningane for det neste halvåret går opp. Særleg bedrifter eksponert mot olje- og gassektoren rapporterer om økt investeringsoptimisme, der 38 prosent ventar auka investeringar dei neste seks månadene.

– Investeringane aukar, og det er bra. Samtidig ser vi at pengane går tilbake til den oljesmurde økonomien. Auka lønnsemd i sektoren grunna auka oljepris gjer at investeringsnivået i sektoren også aukar. Da får vi ein bumerangsituasjon for oljebransjen, medan den breie oppgangen vi treng i vekstbedrifter i andre bransjar lar venta på seg, seier Fresvik. 

– At vi har ein lønnsam, stor og kapitalkrevjande industri har kanskje bidrege til å skapa ein «treghet» i å kanalisere investeringar til andre område, avsluttar Fresvik.

 

Meir om Vestlandsindeksen kan du lesa på heimesida til Sparebanken Vest