Kjell Larsen, leiar for bedriftsrågdgjeving i Tveit Regnskap. Foto: FP-arkiv/KR. 

Tveit næringsbarometer viser positiv utvikling

Næringsbarometeret frå Tveit Regnskap for 3. tertial 2017 viser ei positiv utvikling for bedriftene i Nord-Rogaland og Sunnhordland.

 

Dette går fram av ei pressemelding frå Kjell Larsen, leiar for bedriftsrågjeving i Tveit Regnskap. 

Tveit Regnskap AS fører rekneskap og bistår med økonomitenester for i alt 2.500 bedrifter i regionen. Tveit følgjer utviklinga til eit knippe av disse bedriftene for å kunna gi eit bilde på utviklinga i næringslivet i Nord-Rogaland og Sunnhordland. 

Rapporten er basert på ferske tal, og ikkje et kalkulert bilde av den økonomiske utviklinga. Tveit Næringsbarometer presenterer rekneskapstal for 3. tertial 2017, det vil seia perioden f.o.m september t.o.m. desember, frå eit representativt utval av bedriftene i regionen.

– I denne rapporten ser vi først på utvikling i omsetnad og resultat i alle bransjar samla, deretter ser vi nærmare på dei to største bransjane i utvalget; bygge- og anleggsverksemd og varehandel, skriv Kjell Larsen i Tveit Regnskap.

 

Tveit Næringsbarometer for 3. tertial 2017 viser følgjande hovudtrekk:

Alle bransjar

o Andelen bedrifter i hele utvalet som har høgare omsetnad samanlikna med same periode i fjor er styrkt.

o Veksten i omsetnad i gjennomsnitt frå same perioden i fjor er på 4 %.

o Industribedriftene i utvalet bidrog til det positive snittet med ein vekst i omsetnad på sterke 25 % og ein andel på 71 % av bedriftene som auka omsetnaden.

o Andelen bedrifter som har positive resultat, har uka marginalt. Det er fleire bedrifter som har styrkt enn svekt resultata sine samanlikna med same periode i 2016.

o Driftsresultat samla som andel av inntekter er stabilt samanlikna med same perioden i 2016.

 

Bygge- og anleggsverksemd

o Bransjen hadde fin vekst i gjennomsnittleg omsetnad. Samtidig reduserte 57 % av bedriftene omsetnaden. Dette kan indikerea at dei større gjør det betre enn dei små.

o Andelen bedrifter med positive resultat har falle noko. Heile 57% leverte svakare resultat samanlikna med same perioden i 2016.

 

Varehandel

o Det er marginalt fleire bedrifter som aukar heller enn å redusera omsetnaden samanlikna med same perioden i 2016. Omsetnad i kroner i gjennomsnitt held seg rimeleg stabil.

Resultatutviklinga i bransjen ser ut til å vera rimelag stabil. Det er omtrent like mange som styrkjer som svekkjer sine resultat.

 

Fakta om Næringsbarometeret

I Sunnhordland og Nord-Rogaland er det rundt 2500 bedrifter (AS) med ein omsetnad mellom 2 og 50 millionar. Dette utgjer om lag 90 prosent av alle AS i regionen. Data som blir presenterte i næringsbarometeret er henta frå over 200 bedrifter (AS) som er kundar i Tveit Regnskap AS, også med omsetnad 2-50 millionar. Utvalet tilsvarer ca. 8 prosent av regionsbedriftene. Dette er god representativitet samanlikna med tilsvarande andre indeksar. Bransjemessig fordeling mellom bedriftene i regionen og bransjemessig fordeling mellom bedriftene utvalet er godt i samsvar. Utvalet har likevel noko høgare representasjon av bygge- og anleggsverksemd, og noko lågare representasjon av omsetnad og drift av fast eigedom.

Dei største bransjane i utvalet av bedrifter i næringsbarometeret er Bygge- og anleggsvirksemd (28 %), Varehandel (22 %), Industri (9 %) og Fagleg, vitskapeleg og teknisk tenesteyting (9 %).