Sjukefråværskartet viser at med sine 5,2 % ikkje ligg så langt unna snittet for Hordalands-kommunane. Illustrasjon: NAV. 

Sjukefråværet i Hordaland stabilt

Statistikken for det fjerde kvartalet i 2017 viser at sjukefråværet i Fitjar har gått litt ned, og ligg litt under gjennomsnittet for Hordaland, som er på 5,6 prosent.

Det legemelde sjukefråværet i Hordaland for 4. kvartal 2017 var 5,6 prosent, det same som tilsvarande periode året føre, går det fram av ei pressemelding frå NAV.

Medan arbeidsløysa i Hordaland dei to seinaste åra har stige, har sjukefråværet vore svært stabilt i same periode. Samanlikna med 3. kvartal 2017 har det totale sjukefråværet i Hordaland auka med marginale 0,2 prosentpoeng, syner sesong- og influensajusterte tal.

– Endringane er små og tala er stabile. Hordaland følgjer landssnittet. Vi ser ein trend der sjukefråværet vårt samla går litt ned dei siste ti åra, som er positivt, seier fungerande fylkesdirektør i NAV Hordaland, Tommy Johansen.

Sjukefråværet er høgast i Nordhordland og kommunane rundt Bergen, dei såkalla pendlarkommunane. Radøy ligg aller høgast med sine 7,5 %, føre Modalen med 7,3 og Sotra-kommunane Fjell og sund, som begge har 6,8 %. Granvin har framleis det lågaste fråværet i fylket, med sine 4,3 %.

Bømlo har det lågaste sjukefråværet blant dei nærmaste naboane våre, med 5,1 prosent, medan Austevoll ligg likt med Fitjar på 5,2 prosent. Stord har hatt ein liten nedgang sidan i fjor og ligg på 5,4 prosent, medan Tysnes har hatt ein auke på ti prosent, og ligg på 6,5 prosent. 

Bransjane med lågast sjukefråvær 4. kvartal var informasjon og kommunikasjon (2,9 %), fagleg/vitskapleg/teknisk tenesteyting (3,4 %) og finanstenester (4,0 %).

– Det er stor stabilitet i dei ulike næringane i Hordaland, men dei ligg på ulike nivå. Helse og omsorg (8,1 %) ligg høgare enn alle andre, medan tenesteyting og primærnæringane ligg lågt, seier Johansen.

Det er stabil differanse mellom kvinner og menn i sjukefråvær i Hordaland. I 4. kvartal låg det legemelde sjukefråværet blant kvinner på 7,2 prosent og menn 4,1 prosent, som begge er heilt på landssnittet. Blant dei yngste frå 16 til 19 år er det gledelig nedgang, ein trend som har halde fram sidan januar 2015.

 

Som me ser av tabellen, harr sjukefråværet i Fitjar gått ned med 1 % frå same kvartal året før. Illusstrasjon: NAV.