Tårnagentar i kyrkja. Foto: Fitjar kyrkje.
Tårnagenthelg for 3.-klassingar i Fitjar kyrkje
Laurdag og søndag 7. og 8. april 2018 blir 3.-klassingar inviterte til å vere agentar for å løyse oppdrag og mysterium.
Fitjar kyrkjelyd inviterer denne helga dei som blir ni år dette året, til å være Tårnagentar i kyrkja, skriv Astrid Koløen Prestbø i ei pressemelding.
I løpet av helga skal oppdrag og mysterium løysast og kyrkja, tårnet og klokkene utforskast. Tårnagenthelga vert arrangert i mange kyrkjer. I løpet av året er det meir enn 10000 born som har vore med.
Kyrkjetårnet og andre hemmelege stader….
Kyrkjetårnet er ein skjult skatt for mange barn. Det har vi lyst å gjere noko med. Barn over heile landet skal klatre opp i kyrkjetårn. Mange vil også utforske om det finst andre hemmelege stader i kyrkja, som ein kjellar eller andre skjulte rom.
Bibelens forteljingar
I Bibelen, mysterias bok, finn agentane både agenttips og forteljingar som hjelper dei å løysa oppdraga. Kanskje får forteljingane ringverknader for både agentar og for andre …
Tårnagenthelga er utarbeidd av Den norske kyrkja i samarbeid med Søndagsskulen
Kontaktperson og påmelding til hovudleiaren for Tårnagenthelga i Fitjar, Astrid K. Prestbø, mobil 976 25 833, e-post: astridpr@haugnett.no.
Tårnagentar i Fitjar kyrkje ved eit tidlegare høve. Foto: Fitjar kyrkje.