Onar Westerheim, fersk verdsmeister i skeisesprint for veteranar. (Arkivfoto)

Verdsmeister i skeisesprint!

Onar Westerheim frå Fitjar har i dag vunne VM-gull i skeisesprint for veteranar i Moskva.

Ikkje før hadde Håvard Holmefjord Lorentzen gått i mål og sikra seg gull i sprint-VM i Kina, før denne gladmeldinga tikka inn til Fitjarposten: «Jammen neila Onar’n da. Verdsmeister!»

Me gratulerer den ferske verdsmeisteren i 70-årsklassen med fantastisk innsats i Moskva, og kjem tilbake med detaljar når me har klart å fordøya gladmeldinga.