Jentene følgjer godt med når Ørnulf Botnen instruerer. Foto: Mette Haldorsen. 

Treningssamling for handballjentene

I dag har ivrige handballjenter frå elleve år og oppover fylt idrettshallen med leik og hardtrening.

 
Treningssamlinga var for Fitjar-spelarar på laga J11, J12, J14 og damelaget. Sjølv om aldersforskjellen var stor, såg det ut til at alle tilpassa dette kjempeflott! Og instruktørane gjorde ein kjempeinnsats, synest handballeiar i Fitjar Idrettslag, Liljan V. Waage.

 
Jakob Saghaug fra Stord tok oppvarming og keepertreening. Han var sjølv ein svært lovande keeper, men gav seg relativt tidleg som aktiv. Til gjengjeld engasjerer han seg sterkt som trenar, og held på med målvaktutdanning i regi av Norges Handballforbund. 

 
Charlotte Ayo Levåg hadde to økter med BasisBall Athletic, først med J11 og J12, så ei økt med J14 og damelaget. Ingvild Rimmereid hadde ei økt med damelaget og J14 med pådrag og vidarespel.

 
Etter ein flott lunsj stelt i stand av Mette Haldorsen, med sponsing frå Rema 1000 og Kiwi, kom Ørnulf Botnen. Han er fysioterapeut i Fitjar og er veldig engasjert i håndballen på Stord, der han har vore trenar i mange år. Han hadde ei to timars økt for Fitjar-jentene med fokus på angrep. 

 
– Dette har vore ein veldig kjekk og lærerik dag, seier handballeiar Liljan V. Waage,. 

 
Ho ynskjer å takka alle som stilte i dag – trenarar, spelarar og instruktørar. Ein ekstra stor takk til dametrenar Trond Arnevik for hjelp til å dra det i gang.

 


Charlotte Ayoe Levåg t.h. sørgjer for at dei største jentene får køyrt seg. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Målvakttrenar Jakob Saghaug hadde mykje artig å visa keeperane på Fitjar. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Mette Haldorsen laga til eit lekkert lunsjbord. Foto: Kjetil Rydland. 


Og svoltne handballjenter forsynte seg. Foto: Kjetil Rydland.