Med den vesle Iseki-traktoren drar Eirik Myhre stokkane over Vekslitjødno. Foto: Kjetil Rydland.
Tømmerkøyring på isen
Det spesielle vintervêret som kom sigande over oss, er ikkje berre eigna for skiløparar, på Veslitjødno køyrer to mann tømmer over isen.
Det kalde vintervêret og det uvanleg flotte skiføret i fjellet er til stor glede for oss turfolk som likar å gå på ski. Men vêret har vore til mist like stor glede og nytte for dei to friskusane som køyrer tømmer over isen på Vekslitjødno.
Den kraftige kulden på ettervinteren har gjort isen sterk nok til å bera den vesle Iseki-traktoren på rundt 600 kilo. Dermed kan Johannes Nesse og Eirik Myhre retteleg boltra seg på den vesle tjødno rett sør for avkøyrsla til Svartasmoget.
På vestsida av Vekslitjødno har Johannes Nesse funne ein oase av godt vakse og veleigna tømmer som han har fått lov å hogga av grunneigaren. Men det er kanskje ein grunn til at furutrea har fått stå i fred så lenge. Det er nemleg ikkje så lett å få tømmeret fram til vegen; det må på eitt eller anna vis over Vekslitjødno.
Tidlegare har han fløyta tømmer over Vekslitjødno, men det er enklare å køyra over isen. Derfor var gleda stor då temperaturen seig til nærmast rekordnivå for årstida, og i dag var dei to friskusane i full gang med noko av det kjekkaste dei veit.
Heldigvis har dei ein liten og lett Iseki-traktor på berre 600 kilo; elles hadde det nok ikkje gått. Me har ein liten bildeserie frå den sjeldne transporten:
Eirik Myhre festar kroken i tømmerstokken før han drar han laus. Foto: Kjetil Rydland.
Her nippar dei tømmeret laust med vinsjen. Foto: Kjetil Rydland.
Og her ber det rett over Vekslitjødno. Foto: Kjetil Rydland.
Her har dei fått ein bunke med fint tømmer på rett side av Vekslitjødno. Foto: Kjetil Rydland.
Furu med tytebærlyng i borken er spesielt godt eigna til båttømmer, har Johannes Nesse fått opplyst på eksperthald. Foto: Kjetil Rydland.