Politimester Bastian (Birk Træet) utnemner røvaren Kasper (Marius Pedersen) til brannmesiter etter at han har berga Tobias i tårnet (Sebastian Brakedal). Foto: Kjetil Rydland. 

Kardemomme by – det kjekkaste me har gjort!

Femteklassingane på Rimbareid skule har hatt ei veke dei seint vil gløyma – og to framsyningar av Kardemomme by blei til stor glede for lærarar, foreldre, sysken og alle oss andre. 

 

Denne veka har femteklassingane på Rimbareid skule arbeidd på heiltid med teaterframsyninga Kardemomme by. Og resultatet blei aldeles strålande. I går føremiddag kunne elevar og lærarar på Rimbareid skule gle seg saman med dei uredde aktørane over ei sjarmerande framsyning, nærmast profesjonelt utført. Også dei største  barnehageborna frå dei fem barnehagane Fitjarstølane, Årskog, Fjellheim, Bakken og Dåfjorden fekk vera med på den flotte framsyninga. 

 
Etter det me kunne sjå, gleid framsyninga knirkefritt, under diskret leiing av regissør og sufflør Birgitte Drønen, som er kontaktlærar for den eine femteklassen. Litt rusk her og der skjemte absolutt ikkje, tvert imot let me oss sjarmera – og imponera – over motet og engasjementet til dei unge aktørane. Rapportane frå ettermiddagsframsyninga tyder på at det gjekk endå betre då. Foreldre, besteforeldre, sysken, svigerinner og tanter fylte gymsalen til omtrent siste stol, og har grunn til å vera stolte over prestasjonane. 

 
Å trekkja fram enkeltprestasjonar her er ikkje nødvendig. Kontaktlærar Gunn Evy Nilsen Haaland fortel at alle leverte ein flott innsats, både dei med mange replikkar og dei med meir anonyme roller, og ikkje minst dei som styrte lyd og lys. 

– Elevane forstod stykket, seier ho, og er full av beundring.

Det inntrykket deler me, forståinga og formidlinga av handlinga er det mest imponerande. Gjennom heile framsyninga gjekk det fram at dei skjøna handlinga og våga å spela, i staden for berre å lesa opp teksten. Me gratulerer med vel gjennomført prosjekt, og takkar for ei triveleg stund. Til slutt dristar me oss til å sitera ein av elevane:

– Dette er det kjekkaste me har gjort i skuletida!

 


Barnehageborna var blant 240 publikummarar i gymsalen torsdag fremiddag. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Birk Træet som politimester Bastian, og Amalie M. Bergesen som tante Sofie syng «Å huffamei å huffamei». Foto: Kjetil Rydland.  

 


Kasper og Jesper og Jonatan (Marius Pedersen, Trym Træet og Linnea Heggland) røvar tante Sofie (Amalie M. Bergesen). Foto: Kjetil Rydland. 


Fru Bastian (Hildegunn Olsen Aadland) imponerer med klokkeklar røyst. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Saulute Jusciute som skomakar Pedersen og Sondre Olai Aarskog som trikkeførar Syvertsen. Foto: Kjetil Rydland.

 


Nina Chrapko imponerte på fiolinen sin. Foto: Kjetil Rydland.

 


Solid innsats av desse fire gutane: Martin Eiken og William Seivåg Hauge på lys, og Jone H. Kannelønning og Leander Helland på lyd. Foto: Kjetil Rydland. 

 

KARDEMOMME BY – 5. KLASSE – ROLLELISTE

Tante Sofie : Amalie M. Bergesen
Politimester Bastian: Birk Træet
Kasper: Marius Pedersen
Jesper: Trym Træet
Jonatan: Linnea O. Heggland
Kamomilla: Anna Fitjar Hjelle
Barberer Sørensen: Malin Stokken
Trikkeførar Syvertsen: Sondre Olai Aarskog
Tobias: Sebastian Brakedal
Fru Bastian: Hildegunn Olsen Aadland
Forteljar: 1)  Lisa Vik  2) Daniel  L. Aga  3) Kristoffer Stokken
Tommy: Mari  K. Solbakken
Pølsemakar: Ingeborg Sørfonn
Skomakar Pedersen: Saulute Jusciute
Kjøpmann Berg: Hanne Rimmereid
Bakar: Nikolai Olsen
Kamel: Nadine Rimmereid og Daniel Marszalek
Løva: Georg Solli
Jente 1: Maria H. Forland
Jente 2: Ksenija Baranovskaja   
Jente 3: Fatimah NRA Binti
Gut: Bjart Sandvik Bø
Gut: Sander Heggøy
Gut: Karl Theodor Engesund
Gut: Lars Olai Solli
Gut: Shakib Badr
Mann: Ørjan Nesbø
Fiolinist: Nina Chrapko
Scenearbeidarar: Leander Træet, Markus Thomassen og Andrine Thomassen
Lyd: Leander Helland og Jone H. Kannelønning
Lys: Martin Eiken og William Seivåg Hauge