I morgon, laurdag 3. mars, blir siste opningsdagen for Joker-butikken på Rydland. Foto: Kjetil Rydland. 

Filialen stengjer for godt

Butikkhyllene fer til å tømast, og i morgon stengjer Filialen på Rydland dørene for godt. Om det blir ny butikkdrift i lokala veit me ikkje. 

 
– Me opnar som vanleg klokka 9 laurdag morgon, men kor tid me stengjer kjem an på kor roleg det blir, seier Sølvi Korsvik til Fitjarposten.

Dermed er det absolutt slutt for Joker-butikken på Rydland etter 21 års drift. Då me var innom i dag, var det ganske tomt i hyllene, men enkelte varer, som søtsaker, tannkrem, batteri og litt anna knask er det enno råd å få tak i. 

Me som kjem til å sakna ein møteplass for ovbygdarar og andre forbipasserande, kan berre håpa at det er hald i rykta om at det er folk som vurderer å starta opp att med butikkdrift i dei tenlege lokala på Rydland.

Den som lever får sjå. 

 


Som dette biletet syner, er det tomt i hyllene, men tannkrem og ein og annan godbit kan du enno sikra deg. Foto: Kjetil Rydland.