Aksjonsleiar Andrea Hollund og russepresident Linn Renathe Aasheim er klare for å ta eit krafttak mot kreft. Foto: Kjetil Rydland. 

Fitjarrussen tar eit krafttak mot kreft

I går hadde russen på Fitjar vidaregåande skule kick-off for aksjonen Krafttak mot kreft, den årlege innsamlingsaksjonen til Kreftforeningen.

 

Dei siste ti åra har Kreftforeningen samla inn millionbeløp til kreftforsking gjennom denne aksjonen, og russen på Fitjar har vore med før. I år er det russepresident Linn Renathe Aasheim og aksjonseiar Andrea Hollund som står i bresjen. 

– Russen gjer ein stor forskjell, og vi er stolte av dei, seier rådgjevar Hilde Kleppestø i Kreftforeningen.

No vonar ho folk i dei 1000 heimane i Fitjar tek godt imot dei når russen kjem og bankar på dørene for å samla inn pengar til årets Krafttak mot kreft. Aksjonsdatoen i Fitjar er måndag 5. mars, og dei startar kl. 5-ish om ettermiddagen.

Pengane frå årets aksjon går til forsking for at færre skal få seinskadar og at fleire skal få eit godt liv etter kreftsjukdommen.

 – Over ein kvart million nordmenn lever med eller etter kreft, men å overleva er ikkje det same som å leva. Minst éin av tre lever med seinskader av varierande grad. Vi veit at meir forskning vil føra til at færre får langvarige skadar av behandlinga. Derfor er årets aksjon og formål så viktig, seier Geir Vangsnes, distriktssjef i Kreftforeningen Bergen.


Lena Teigland held kick-off for Fitjarrussen. Foto: Andrea Hollund. 

I går heldt Lena Teigland kick-off med russen på Fitjar vidaregåande skule. Her hadde dei ei øving der det dukka opp forskjellige roller på ein skjerm, som mamma, pappa, bestemor, bestefar, tante, onkel, søsken, ein sjølv, venn, nabo, klassekamerat eller bekjent. Og så skulle dei rekka opp ei hand om dei kjende nokon i den rolla som var ramma av kreft. 

– Det var veldig bra informert, og eg trur det gjorde litt inntrykk på folk, og at folk skjønar kor mange som er ramma av kreft, eigenteig! seier russepresident Linn Renathe Aasheim. Ho minner om at du også kan vippsa til 451037 – vippsen er open frå no og fram til aksjonen er ferdig. .

– Me gler oss veldig til å gå på måndag, og spesielt no når me har fått høyrt litt meir om kva som er hovudfokuset i år, nemleg seinskadar av kreft, seier aksjonsleiar Andrea Hollund. Det er mange som opplever tinnitus, lammelse, nedsett høyrsel og skada vev som følgje av behandlinga. Derfor går pengane russen samlar inn i år til forskning av ei meir nøyaktig og treffsikker behandling som ikkje skadar så mange vanlege celler. 

Kreftforeningen har ei klar oppfordring til alle:

– Ta godt imot bøsseberarane vår og støtt opp om årets aksjon! Et redda liv skal også levast.

 


Fitjarrussen klar for Krafttak mot Kreft. Foto: Andrea Hollund. 

 

 Faktaboks Krafttak mot kreft 2018

90 nordmenn får kreft kvar dag – over 32 800 kvart år. Nesten 11 000 døyr. Talas tale er klar. Men det største talet uteblir ofte: 263 000 – mer enn ein kvart million nordmenn – lever med eller etter kreft.

· Kvart år får fleire enn 32 800 nordmenn kreft. I Hordaland blir 3.152 personar ramma av denne sjukdommen. Det vil med andre ord seia at kvar dag får 90 personer ein kreftdiagnose i Norge.

· Vi blir fleire og eldre. Det vil bety meir kreft. I 2030 er vi 42 000 som får kreft kvart år – om lag 10 000 fleire enn i dag.

· Mer enn ein kvart million nordmenn lever med eller etter kreft.

· Minst 1 av 3 lever med seinskadar av varierande grad. Seinskadar er helseproblem som varer i meir enn eitt år etter avslutta behandling, eller som opptrer eitt år eller meir etter avslutta behandling.

· Krafttak mot kreft er Kreftforeningen sin faste, årlege bøsseaksjon.

· I årets aksjon samlar vi inn pengar til forsking for at færre skal få seinskadar og at fleire skal få eit godt liv etter kreftsjukdommen.

· Nær 25 000 bøsseberarar vil besøkja norske heimar i aksjonsvekene

· I Hordaland vil tusenvis av bøsseberarar fra 42 skular vera i aksjon. 

·  www.krafttakmotkreft.no