Fitjargjengen på Podlen Verkstad. F.v. Evelyn Gloppen, Jørund Thorland Innvær, Runar Søreide Skogedal og Edmund Eide. Foto: Håkon C. Hartvedt

Kan bli aktuelt å etablera ei underavdeling av Podlen Verkstad på Fitjar

Fitjargjengen på Podlen Verkstad. F.v. Evelyn Gloppen, Jørund Thorland Innvær, Runar Søreide Skogedal og Edmund Eide. Foto: Håkon C. Hartvedt

Mange frå Fitjar må i dag reise til Podlen Verkstad på Heiane for dagaktivitetar. No vurderer kommunestyret å etablere eit tilsvarande tilbod i Fitjar. 

Hausten 2016, i samband med budsjett 2017, kom Råd for funksjonshemma med eit innspel der dei bad kommunen vurdera etablering av dagaktivitetar/ VTA-arbeidsplassar i Fitjar.

Kommunestyret løyvde då kr. 30.000 til eit forprosjekt, og det vart nemnt opp ei arbeidsgruppe. Gruppa har no lagt fram ein rapport som syner at det er trong for eit slikt tiltak i Fitjar. I dag har kommunen fire personar som arbeider på Podlen Verkstad på Heiane, som er det næraste tilbodet no. Dei har ei dagleg reisetid på rundt 1,5 time. Det er 10-12 personar i Fitjar som er aktuelle brukarar, og det er svært ynskjeleg med eit nytt tilbod sentralt i Fitjar. Det kan vera aktuelt å organisera det som ein underavdeling av Podlen Verkstad.

NAV Hordaland har i dag ikkje midlar til å setja inn i eit slikt prosjekt. Det er kamp om midlane, og i år er det ikkje sett av midlar til nye plassar. Det er også strenge krav til ei VTA-verksemd. Den skal ha ein forretningsmessig plan som kan syna til produksjon og inntening, og den må oppfylla alle offentlege krav som gjeld for næringsverksemder.

I tillegg må verksemda ha eit minimum plassar for å fungera. 10 plassar kan vera praktisk, då det er naturleg med fem arbeidarar for kvar arbeidsleiar.

Administrasjonen konkluderte med at det er ikkje ressursar til å starta opp no. NAV har ikkje midlar til tiltaket, og kommunen må på si side investera i bygningar, utstyr og eigenandel til drift. Det er lite økonomisk rom for dette på kort sikt.

Då saka var i Utval for oppvekst og omsorg, gjorde dei positivt vedtak. I korte trekk lyder det slik:

  • Det bør etablerast eit VTA-tilbod i Fitjar, og det må sendast søknad til NAV om tilskot til etablering og drift av minimum 10 VTA-plassar. Vidare planlegging av tiltaket vert å koma tilbake til når tilsegn om støtte frå NAV måtte vera på plass.

I møtet i dag sa utvalsleiar Grete Marit Veka Maraas, Sp, at no handlar det om å senda søknad til NAV om tilskot. Dette prosjektet får me ikkje realisert på kort tid. Her skal me jobba vidare.

Noko som skurrer

Harald Rydland, KrF, er med i Råd for funksjonshemma og i arbeidsgruppa som har lagt fram rapporten. Dei som har jobba med dette, har stor tru på prosjektet, sa han. Men det er noko som skurrar. På mange punkt er det sprik mellom administrasjonen si utgreiing og utvalet sin rapport. Difor kan det svara seg å utsetja saka og rydda opp i dei punkta der det er usemje. Det gjeld mellom anna tal arbeidsplassar, økonomi og organisering.

Agnar Aarskog, Ap, var positiv til å få dette til. Men uklåre punkt må avklarast, og for saka er det nyttig at den vert vurdert på nytt.

Arne Prestbø, H, takka for godt og grundig arbeid med rapporten. Det er opp til politikarane og administrasjonen å ta saka vidare på ein trygg og god måte. Samtidig gav han uttrykk for uro på avstanden mellom rådmannen si saksutgreiing og det positive framlegget frå utval for oppvekst og omsorg. Han kom på vegne av H og Ap med nytt framlegg, der ein ber om nærare utgreiing av dei punkta der det er usemje, og at saka kjem opp att i løpet av hausten 2018. Det er ikkje grunna i skepsis, i verste fall sunn skepsis, sa han.

Ved røystinga vart framlegget frå H og Ap samrøystes vedteke.

VA-anlegg på Rimbareid

Fitjar Kraftlag skal leggja ny kabel i grøft frå Årskog til det nye smoltanlegget på Kvedno.  Kommunen har planlagt utbygging av vatn og avlaup frå Kongsbrunnen til bedehuset, og det er med i budsjett 2018. I LTP 2019 er det lagt inn kr 400.000 til prosjektet, med plan om å gå langs fylkesvegen opp til litt forbi Rasmus Tislevoll for å kopla bort leidningen som går over bakkane. Det neste er å kopla saman avlaupsanlegga på Rimbareid med dei nye anlegga i Rimbareid-Vik.  Sidan kraftlaget no går langs fylkesvegen, er det logisk å nytta same grøfta til å leggja vatn og avlaup, fram til undergangen på Rimbareid, der det er etablert kryssing. Det vil truleg kosta kr. 700 000 meir enn budsjett/ LTP for å gjera ferdig  opp til kryssinga på Rimbareid,  og ytterlegare kr. 250 000,- for å kopla saman med dei nye anlegga i Vik. Det siste treng ikkje gjerast no.

Rådmannen bad difor om å få flytta kr. 400.000 frå 2019 til 2018, og i tillegg utvida ramma med kr. 700.000. Det sa kommunestyret ja til.

Kommunestyret gjorde samrøystes vedtak i VTA-saka. Foto: Harald Johan Sandvik
Kommunestyret gjorde samrøystes vedtak i VTA-saka. Foto: Harald Johan Sandvik

Folketal 2017

Under posten Ymse informerte ordførar Wenche Tislevoll, H, om folketalsutviklinga i Fitjar. I løpet av 2017 auka folketalet med 5, frå 3.189 i januar til 3.194 ved utgangen av året. Fødselsoverskotet var på 21. Det flytta 100 personar inn i kommunen, og 116 flytta ut.

Kyrkjeasyl

Ordføraren informerte vidare om saka med kyrkjeasyl i bedehuset Betania i Øvrebygda. Den aktuelle familien har budd der i rundt 3 månader. Medietrykket har vore stort. Det er ikkje tvil i kommunen om at Betania er eit bedehus/ menighetshus. Det kan stadfestast både i matrikkel og i kommuneplan. Kyrkjeasylet i dette huset har vore respektert til no.