Håvard Fitjar, i framgrunnen, og resten av Fitjar ungdomsråd vil skipa LAN om vel to veker. Foto: Kjetil Rydland

Ungdomsrådet vil skipa LAN

Kultursjef Bente Bjelland og Fitjar ungdomsråd er i full gang med å planleggja LAN i mars, men dei treng vakter.

 

16.-18. mars er idrettshallen i Fitjar kultur- og idrettsbygg ledig, og Fitjar ungdomsråd har lov på hallen den helga. Då ønskjer dei å skipa til LAN for ungdom på heile Stordøya.

For å få det til treng dei vakter, og no etterlyser dei vaksne folk som vil gjera ein dugnadsinnsats for at dei skal få til LAN-partyet sitt. Dei ønskjer kontakt med vaksne folk som vil ta fire timars vakter frå fredag 16. til søndag 18. mars.

Opprigginga startar fredag ettermiddag kl. 18.00, fortel kultursjef Bente Bjelland, og LAN-partyet vil vera ferdig søndag kl. 12.00. Prosjektleiar er 9.-klassinge Håvard Fitjar. Han har ikkje skipa LAN før, men har er sikker på at dette skal dei få til.

Han ønskjer svært gjerne at datakunnige vaskne stiller opp og hjelper dei. Men han har og bruk for andre som kan stilla opp som vakter. Dei må gjerna koma frå Stord, seier han, presiserer at LAN-partyet er ope for ungdom på heile Stordøya.

Dei som vil stilla opp og gjera dugnad for ungdommen, kan ta kontakt med prosjektleiar Håvard Fitjar på e-post haavard.fitjar@haugnett.no eller på mobiltelefon 97 97 99 72

acheter anabolisant